Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRA SYNSTE MØRE

 

 
  Skipstunnelen hovudsak i Norge Rundt
Ole Magne Kvalsvik torsdag 13. september 2007
Stad skipstunnel blir hovudsak på Norge Rundt-sendinga 29.september. Ein glad Jan Helgøy kan kunngjere dette i torsdag, dagen etter ein vellukka tunnelkonferanse i Ålesund.

 

 
 
FRÅ KYSTDIREKTORATET: Frå venstre: Roar Johanson, Ola Stenvågnes, professor Svein Fjell (innleigd til kystdirektoratet) og prosjektleiar Øystein Linnestad (FOTO: John Breivik)

NRK vil kome med eit større team for å gjere opptak 24. og 25.september i eit opplegg som involverer både redningsskøyter og andre farty. Stadtunnelen vil vere hovudsaka i ei sending som på denne tida av året har kring ein halv million sjåarar over heile landet.

I tillegg er det posiive tonar frå Kystdirektoratet. På ei høyring i Ålesund i går, vart lagt fram status i høve til ei pågåande utgreiing der kystverket skal lage eit fagleg beslutningsgrunnlag i høve til Stad skipstunnel. Kystdirektør Kirsti Slotsvik tidfesta at ein tidlegast kan få byggjestart i 2013-2014 på grunn av prosedyre, framdrift og prioriteringar.
– For første gog har eg høyrt Kystdirektoratet seie når og ikkje viss når dei snakkar om Stad skipstunnel, seier John Breivik i Vanylven Vekst,

Kystverket har også gjennomgått eit konsept med alternativ plassering og høgde, der dei vurderer 35 meter høg tunnel. Då vil 85% av trafikken kunne passere gjennom tunnelen, mot 77% med dagens prosjekterte storleik. I dette prosjektet skal også framleggjast ei behovsanalyse med tanke på å avdekke kva behov det er for Stad skipstunnel, kven som er interessentar i prosjektet , trafikkale behov, ringverknader for turisme og regional utvikling, og få fram eventuelle motsetningsforhold.

Dette forprosjektet skal vere ferdig til 15 oktober og då skal dei også ha gjennomført ei høyring mot Vestlandsrådet, fylke og kommunar i høve til utgreiinga.



 
 
 
 
     
 
       

Oppdatert: 13/09 2007