Ein utvida versjon av
filmen om Stad skipstunnel blir til helga lagt ut for sal i DVD-utgåve.
Folk her i distriktet kan dermed sikre seg denne historiske
suksess-skiva som har skote ny fart i realiseringa av tunnelprosjektet
og opna augene på politikarar.

DVD: Arild Skorge (bildet) presenterer her DVD-en av filmen Stad
skipstunnel som til helga vert lagt ut for sal.
Filmtrioen Arild Skorge, Jermund Rekkedal og Per Kåre Våge gjorde eit
skikkeleg scoop då dei i fjor haust lanserte sin eigen presentasjon av
Stad skipstunnel, ein film som fanga stor interesse blant publikum og
som gjekk for fulle hus her i distriktet. Filmen med sine dokumentariske
vinklingar har vist seg å vere ein effektiv døropnar for prosjektet i
ulike politiske miljø, deriblant til bruk i Stortinget. Fleire sentrale
politikarar har fått opp augene for skipstunnelen etter å ha sett
filmen. Filmen vart vist første gong for eit utval av politikarar som
eit bidrag i valkampen under Solsikkedagane på Fiskå i haust. Og i går
var Jermund Rekkedal innom Stortinget og distribuerte DVD-en til fleire
nøkkelpersonar. Deriblant både fiskeriministeren, samferdselsministeren
samt medlem i samferdselskomiteen, Svein Gjelseth, som nok vil legge
heile kroppsvekta si inn på å få realisert tunnelen.
Dei tre filmskaparane som på omslaget av DVD-en presenterer
skipstunnelen som ”Dødssvingen på Riksveg 1” og med hurtigruta avbilda i
Kjødepollen, har utvida filmen med ein eigen sekvens om ein tunnel med
seglingshøgde stor nok for dei største hurtigrutene.
DVD-filmen har med hurtigruta sitt besøk i Kjødepollen i haust. Ved
hjelp av animasjonsteknikk kan ein oppleve på skjermen korleis
hurtigruta og hurtigbåten glir inn og ut av tunnelopninga på begge sider
av Manseidet.
Filmen er for tunnelsaka ein effektiv reiskap. Trass si nøkterne
framstilling både historisk, tryggleiksmessig og i samfunnsmessig
nytteverdi, er det langt ifrå nokon knusktørr informasjonssekvens desse
førti minutta filmen varer. Her kjem dramatikken som er knytt til denne
dødssvingen godt til syne og på sin effektfulle måte minner oss om alle
ulukker og forlis som dette frykta havstykket har utløyst.
Når den hardhausa og uredde redningsskøyteveteranen Magne Sætren står
fram og skildrar dramatikken på det opprørte Stad-havet og med ein
person som blir berga frå den visse død - og du også får møte den
overlevande på filmen, blir det fleire enn Sætren som sit att med ein
klump i halsen. Filmen fangar også opp dramatikken då eit av
hurtigruteskipa fekk motorstans og var svært nær den største
skipskatastrofen i landet gjennom tidene. Scenene med ordførar Jan
Helgøy og Oddmund Barmen sine appellar og mannskoret ”Frendar” si
avslutning med ”Himmelske Fader,” er element som forsterkar eit rettkome
krav om skipstunnel.
Filmen gir eit vektig bidrag til kvifor Stad skipstunnel bør byggast.
Han er også ei svært god marknadsføring av eit distrikt med ein sterk og
mangslungen natur og som viser næringsgrunnlag både i fortid og notid og
med dei mulegheiter realiseringa av skipstunnelen vil ha for
infrastrukturen.
– Vi hadde aldri vore komne så langt i den politiske prosessen utan
denne filmen, meiner John Breivik, dagleg leiar i LL Stad skipstunnel og
Vanylven Vekst. Han framhevar tre sterke kvalitetar i produktet frå dei
tre filmskaparane: Forankring – kunnskap og entusiasme.
Vanylven si eiga radiorøyst, Janne- Brit Aasen, tilsett ved NRK Møre og
Romsdal, er like klar i talen som ho er på lokalnytt og som gjer sitt
til at den lydmessige delen av dokumentaren kjem tydeleg og godt fram på
filmen.
Halv million
Filmen om Stad skipstunnel er eit imponerande handverk frå tre lokale
filmskaparar. Filmen har så langt kosta om lag ein halv million kroner.
Vanylven Vekst har bidrege med ei støtte på 60 000 kroner. I tillegg har
lokale verksemder også hjelpt til med pengar.
– Vi takkar for all støtte vi har fått. Aller hyggjelegast er det å
registrere kor godt filmen har vorte motteken, fortel Arild Skorge.
DVD-en vil vere i sal i butikkar både i Vanylven, Selje og Vågsøy. Dette
er dei tre kommunane som i utgangspunktet har mest aktualitet, men
Skorge opplyser at det også kan vere aktuelt å distriburere han til
andre kommunar sidan Stad skipstunnel fangar interesse frå eit langt
større område. DVD-filmen vil også vere mogleg å kjøpe ein kopi av over
Internett.
Skorge opplyser at både NRK og TV2 har vist interesse, men ingen ting er
avgjort.
|