|
Det er
gjennom eit samarbeid med Ålesunds handelsforeining det har lukkast
å få til eit orienteringsmøte om Stad skipstunnel i regi av Bergens
Næringsråd og Maritimt Forum for Bergensregionen. På samlinga
19.januar i Handelens og Sjøfartens Hus, vil både filmen om
skipstunnelen bli vist det vil bli gitt orientering om tunnelen og
korleis situasjonen er pr. i dag. Naturlegvis blir det sett av tid
til diskusjon. I innbydinga er det spesielt peika på dei
muligheitene som ligg i ei direkte hurigbåtrute mellom Bergen og
Ålesund.
Ordførar
Arve Tonning frå Ålesund, ordførar Jan Helgøy frå Vanylven,
administrerande direktør Bjørn Tømmerdal i Ålesund Handelsforening
og dagleg leiar i Stad skipstunnel AS, John Breivik, vil møte ei
viktig forsamling av næringslivsfolk og politikarar i Bergen med
ordførar Friele i spissen.
Konferanse i Ålesund
– Når det
gjeld ein større konferanse om Stad skipstunnel i Ålesund i mars, så
er dette førebels på planleggingsstadiet. Tanken er at denne
konferansen skal sette ekstra lys på saka og vi vil be inn både
statsråden og andre sentrale aktørar til konferansen, seier John
Breivik.
– For oss er
det viktig å halde presset opp slik at saka ikkje glir ut av den
offentlege debatten, seier Breivik.
|