Artiklar

Kontakt oss

Filmen

 
 


 
 

ARTIKEL FRA SYNSTE.NO - 01-09-2005 (SYNSTE MØRE)

 

 
Tunnel-filmen sette varige spor  
 

– Filmen om Stad skipstunnel tok heilt av. Over 600 menneske såg filmen på Fiskå ungdomshus i helga. Klappsalvar runga under forestillinga. Folk både humra og gret. Og vikigast av alt: Filmen gjorde eit mektig inntrykk på dei inviterte politikarane og pressefolka.

Link: http://www.synste.no/Ny2005/31-film.html

 

 
   
 
01.09.2005
Vidar Parr
BLOMSTER til viktige støttespelarar i prosessen. Frå venstre journalist Helge Gloppen i Sunnmørposten som i årevis har følgt saka om tunnelen og som no i oktober kjem med ei bok om redningsskøyteskipper Magne Sætren. Vidare Audun Dybedal, ordførar Jan Helgøy og Olger Kobbevik. Magne Sætren hadde ikkje høve til å vere til stades.  
 

– Dette går over alle støvleskaft og overgår alt vi hadde våga å tru skulle vere muleg, seier Jermund Rekkedal, ein av dei tre hovudmennene bak filmen og mannen bak det vesle produksjonsselskapet Uno. Dei tre vart behørig heidra med blomster og takk. Men den største gleda og heideren ligg nok i den fantastiske mottakinga eit stort kinopublikum gav filmen. Fredag vart han vist for kring 100 inviterte gjester. Søndag var det opa framsyng for alle. Etter kort tid måtte ein stengje dørene – det var smekk fullt! Ny forestilling vart sett opp – og ein fylte huset nesten ein gong til.

Inntrykk
Filmen er ikkje overlest med tekniske detaljar. Hovudfokuset er det tunnelen vil ha å seie for tryggleiken for folk, skip og gods på dette havstykket. Men også kva det vil ha å seie for miljøet ved at større deler av transporten går frå land til sjø og på samferdsle og reiseliv generelt.
Veteranar på sjøen som mangeårig MRF-skipper Olger Kobbevik, hurtigruteveteran Audun Dybedal og redningsskøyeskipper Magne Sætren, fortalde sine soger på enkel og lettfatteleg, men likevel svært gripande måte. Alvoret vart tydeleg. ”Dødssvingen på rikveg 1” vart Stadten kalla. Sluttscena viser gravplassen og kapellet i Ervika medan mannskoret Frendar syng Himmelske Fader.
Undervegs opplevde ein at det braut ut spontan applus i salen. Då er kommunikasjonen i orden!
Kommentarane på filmen er lesne av NRK-medarbeidar Janne Brit Aasen frå Åheim.

Rørte politikarar
Både politikar og pressefolk vi snakka med etter filmframsyninga var samstemde: Dette var det som skulle til for å overtyde einkvar lunken sjel om fornufta i prosjektet om Stad skipstunnel.
I går kveld vart filmen vist under dei politiske partia si felles stormønstring i Måløy. Seinare skal han visast i Bremanger. Onsdag var han vist på Fylkeshuset i Molde.
Og komande måndag er det framvisning for Arbeidarpartiet i Oslo. Arbeidarpartiet har vore mellom dei som har vore heller lunkne til prosjektet, og derfor svært viktige å nå.

Seld til TV?
Jermund Rekkedal fortel at dei har kontakt med både NRK og TV2 med tanke på eit eventuelt sal av filmen til dei. Dette blir imdlertid ikkje avklart med det aller fyrste.
 

 

     
     
 

       

Oppdatert: 15/11 2005