Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRA SUNNMØRSPOSTEN - 09-02-2006

 

 
 

Hurtigrute-tunnelen lagt død

Hurtigruta treng ikkje segle gjennom nokon skipstunnel, og tunnelen vil ha lite å seie for den nasjonale sjøtransporten.

Skrevet av: Torill Myren (torsdag, 09.februar 2006 08:02)
Medan forkjemparane for Stad skipstunnel den siste tida har dansa rundt håpet om ein skipstunnel også for hurtigruta, har det i det stille vore klart at tanken om ein hurtigrutetunnel er lagt død.
Kystverket har fått i oppgave av Fiskeri- og kystdepartementet å sjå nærare på Stad skipstunnel. Alt i fjor vår kom ein rapport som fram til no har vore unnteke offentlegheit. Departementet held med unntak av eit einaste uskyldig brev all korrespondanse om skipstunnelen gøymt for folk flest, men Sunnmørsposten har fått tak i rapporten - og den er lite lysteleg lesnad for dei som går rundt med idear om å få hurtigruta gjennom skipstunnelen.

Rapporten konkluderer mellom anna med at «dagens hurtigruter og større fraktefartøy verken har behov for eller anledning til å seile gjennom en skipstunnel. Bekvemmelighet for passasjerer ved personfordring rundt Stadlandet i dårlig vær (Hurtigrute, store cruiseskip) er ikke vurdert som vektige for en eventuell økning i tverrsnittet på den planlagte tunnelen. Heller ikke fartøy som frakter farlig og forurensende last er aktuelle for bruk av en skipstunnel».

Ikkje verre enn andre stader
Argumentasjonen frå Kystverket vert stadfesta av driftssjef for dei seks hurtigrutene i OVDS, Svein Sollid. Han seier det ikkje er mange gongar, om det er nokon i det heile i løpet av eit år at hurtigrutene vert liggande og vente på betre ver ved Stadlandet.
- Stadlandet er ikkje verre enn andre opne havstykke langs kysten.
Sjølvsagt hadde det vore langt enklare å passere Staden med ein skipstunnel, men for oss vil det vere eit spørsmål om kostnad ved å bruke tunnelen også.

Rapporten konkluderer også med at skipstunnelen si rolle i transportstrukturen vil vere størst og mest synleg i regionen rundt Stad.
- Stad skipstunnel vil ha ein marginal effekt for sjøtransporten sett i eit nasjonalt perspektiv. Moderne skip vil vere større enn det tunnelen vil tillate av fysiske dimensjonar. I tillegg er ikkje utfordringane knytt til verforholda ved Stad større enn at mange skip likevel må handtere tilsvarande verforhold i andre område langs kysten.

Lokal-tunnel
Rapporten frå Kystverket seier også at skipstunnelen vil ha størst effekt lokalt.
«Derfor blir det hevdet, også fra deler av sjøtransportnæringen, at Stad skipstunnel vil ha en marginal effekt for sjøtransport sett i et nasjonalt perspektiv. Moderne skip vil være større en det tunnelen vil tillate av fysiske dimensjoner. I tillegg er ikke utfordringene knyttet til værforholdene ved Stad større enn at mange skip allikevel må håndtere tilsvarande værforhold i andre områder langs kysten.»

Men Kystverket har kome til at det er fleire verksemder og fartøy som vil ha openberre fordelar av skipstunnelen, og at ein ventar auka sjøtrafikk i området av fartøy som vil kunne bruke tunnelen. Forprosjektrapporten anslår at 60 av dei registrerte skipa som går rundt Stad per døgn vil kunne bruke tunnelen. Det gjeld fiskefartøy, hurtigbåt, delar av cruisetrafikken, mindre og mellomstore godsfartøy og fritidsbåtar. I arbeidet med å kartlegge potensiell bruk av skipstunnelen og muleg samarbeid om å realisere prosjektet, er det fokusert på desse fartøygruppene.
 
 

     
     
 

       

Oppdatert: 11/02 2006