Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRA SUNNMØRSPOSTEN - 05-01-2006

 

 
 

Skal snakke om skipstunnel i Bergen

Ordførerne Herman Friele (Bergen) og Arve Tonning (Ålesund)

Ein delegasjon frå Ålesund og Vanylven dreg torsdag 19. januar til Bergen for å fremje tanken om Stad Skipstunnel.
 

Petter Sandvik
petter.sandvik@smp.no
 

SAMFERDSLE. Frå Ålesund reiser ordførar Arve Tonning og dagleg leiar i Aalesunds Handelsforening, Bjørn Tømmerdal, og fra Vanylven dagleg leiar i Vanylven Vekst, John Breivik og ordførar Jan Helgøy. Dei skal vere med på eit ope møte i regi av Bergen Nærings-forum. Der skal videoen om prosjektet som vart laga i haust synast fram.

 - Bakgrunnen for at vi no reiser til Bergen, er at bergensordførar Herman Friele for to år sidan var gjest på generalforsamlinga i Aalesunds Handelsforening.

Då vart det snakka om korleis dei to kystbyane kan samarbeide betre. Det er denne tråden som. no er plukka opp, igjen, fortel Bjørn Tømmerdal. Han er ikkje i tvil om at bygginga av Stad Skipstunnel. vil kunne få mykje å seie for utviklinga av både Ålesund og Sunnmøre.

- Noko av det første ein slik skipstunnel vil kunne føre til, er at hurtigbåtruta som i dag gå mellom Nordfjord og Bergen vert forlenga til Ålesund. Ein annan konsekvens er at meir gods vert flytta over frå veg til kjøl. Eg trur det er viktig for oss på Sunnmøre at vi vender oss sørover mot Bergen. Vi har meir felles sørover enn vi har nordover, seier Bjørn Tømmerdal som med dette ikkje ynskjer å ta standpunkt i ein debatt om framtidige regionar.

- Eg held meg til at vi framleis er samla i Møre og Romsdal fylke, seier han.

 


     
     
 

       

Oppdatert: 11/01 2006