|
STAD SKIPSTUNNELL.
Det er ikkje mange prosjekt som har
vore utgreidd meir en Stad skipstunnel. Tidvis har ein fått
inntrykk av at utgreiingane har vore ein måte å hale ut tida på.
Alt i 2001 vart det ferdigstilt eit forprosjekt for ein
skipstunnel gjennom Stad, og ei konsekvensutgreiing vart sendt ut
på høyring. Seinare har denne tunnelen vore omtala i
statsbudsjetta nokså årvisst. Under behandlinga av budsjettet for
2005 vart det vedtatt ei løyving på fem millionar kroner som
skulle brukast av Kystdirektoratet til ei nærare utgreiing av Stad
skipstunnel. Målet skulle vere å kome så langt at ein eventuelt
hadde grunnlag for å kunne lage ei anbodsinnbyding. Kystverket kom
til at tunnelen ville koste 1,4 milliardar kroner, men då med ei
seglingshøgd som ikkje var høg nok til at hurtigrutene kunne gå
gjennom tunnelen. Det er overraskande at stortingsrepresentant
Svein Gjelseth nå kan fortelje at Kystdirektoratet berre utgreidde
ei hurtigbåtrute mellom Selje og Ålesund, og ikkje ei
hurtigbåtrute langs heile kysten, i alle fall mellom Bergen og
Ålesund. I dag er ikkje hurtigbåtar sertifiserte til å kunne gå
rundt Stad, og noko av poenget med denne tunnelen skulle vel
nettopp vere å åpne kysten forbi Stad for all den trafikken som i
dag har problem. Det gjeld hurtigbåtar og det gjeld nyttetrafikk
som til dømes brønnbåtar og mindre godsbåtar og containerskip av
ymse slag. Om ein ikkje har sett på kor viktig denne tunnelen er
for å føre meir trafikk over frå veg til sjø, ja, så er ikkje
verdien av tunnelen skikkeleg utgreidd.
Hurtigruta. I den seinare tid er problemstillinga blitt reist
om ein ikkje også bør lage denne tunnelen så høg at også dagens
hurtigruteskip kan gå igjennom tunnelen. Hurtigrutene sjølve
ønskjer å kunne nytte skipstunnelen, sjølv om dei er bygde for å
kunne gå rundt Stad. Grunnen til det er at det å krysse Stadhavet
vinterstid avskrekkar mange passasjerar frå å ta Hurtigruten.
Hurtigruteselskapet meiner at så mykje som 60 prosent av trafikken
haust og vinter blir avvist som følgje av frykta for Stadhavet.
Dette i seg sjølv burde vere grunn god nok til å plusse på dei
høgdemetrane som er nødvendig når ein først bygg denne tunnelen,
men så veldig mykje meir utgreiing for å få dette til, burde ikkje
vere nødvendig. Det er avgjort eit poeng for kommunane langs
kysten at ein så stor tunnel også vil flytte det meste av
skipstrafikken nærare kysten, og med skikkelege hamneforhold vil
ein Stad skipstunnel heilt sikkert kunne bety at meir gods blir
overført frå land til sjø. Eksport av fersk fisk med hurtigbåt til
Frankrike blir nå planlagt frå Drammen, nesten så langt frå
fiskefeltet som det er råd å kome. Eit argument som er brukt mot å
la ei hurtigbåtrute gå langs kysten er nettopp det vêrharde
Stadhavet.
Feil departement? Det har tydelegvis vore stor motvilje i
det offentlege byråkratiet mot Stad skipstunnel. Meir enn andre
store kommunikasjonsprosjekt har skipstunnelen vore ein slags
kasteball mellom fylkesnivået og regjeringsnivået. I
Fiskeridepartementet som har ansvaret, høyrer ikkje slike
milliardprosjekt til dagens orden, og kompetansen på tunnelbygging
er liten. Også for Kystverket vil eit slikt milliardprosjekt kunne
oppfattast som ein "gaukunge" som tar for mykje frå hamne- og
farledsutbygginga. Kanskje hadde det derfor vore meir naturleg at
Stad skipstunnell vart lagt under samferdselsdepartementet, der
dei er meir vande med så høge tal. Denne tunnelen er særs viktig
for samferdsla langs kysten og ikkje minst næringslivet har bruk
for denne tunnelen. I tillegg vil han garantert bli ein
turistattraksjon, og sjølv sommarstid vil nok turistane krevje at
hurtigrutene går gjennom verdas einaste og største skipstunnel.
|