|
Hei alle film og Stad
Skipstunnel venner. Vi har gleda av å kunne presenter ein ny webside relatert
til prosjektet Stad Skipstunnel. For oss i Jatoja DA, har prosjektet om Stad
Skipstunnel vore heile fritida vår det siste 1 ½ året. Våre ønskje om å lage
film med samfunnsengasjement betyr veldig mykje for oss. Vi er: Arild Skorge,
Jermund Rekkedal og Per Kåre Våge, vi ser på oss sjølve som over
gjennomsnittet samfunnsengasjerte. Dessutan har vi ein felles lidenskap nemlig
filmskaping. Prosjektet filmen om Stad skipstunnel har nådd høgder
som er ”far away” dei draumane vi
hadde når vi starta prosjektet. Pr. dags dato har over 4000 menneske sett
filmen. Den har vore vist i fleire kommunar og regionsenter på Vestlandet.
Filmen er vist på Stortinget, på hurtigruta ”Trollfjord” og ”Richard With”, på
fleire konferansar og samankomster i ulike politiske fora. Alle stader møter vi
folk med brennande engasjement for saka. Gjennom det siste året har vi fått
venner vi vil ha resten av livet. Vi har møtt folk som har jobba opptil 20 år
for Stad skipstunnel. Fantastiske folk! Dei fleste har gjort dette arbeidet
gratis. Filmen vår har engasjert eit heilt folk. Vi føler oss audmjuke og stolte
over å kunne få oppleve dette. Takk til alle som har hjelpt og støtta oss. Vi
har mange spennande tankar om framtida, vi har lyst å lage meir film. -So
til de som ventar på den nye versjonen av Stad Skipstunnel filmen.... (med bla
Hurtigruta) rykta seier at vi no nærma oss fort ei nylansering, enn så lenge …. FINE
Arild, Jermund og Per
Kåre
|