- Det er heilt avgjerande at vi får bygd denne tunnelen, både
for ungdommen og næringslivet. Når det gjeld ungdommen, er det
viktig å knyte seg til høgskulemiljøet i Ålesund. Med tanke på at
ei snøggbåtrute med vel ein times reisetid vil knyte Nordfjord og
Ålesund saman kan det kanskje stanse fråflyttinga frå ytre
Nordfjord.
- No eller aldri
Å få bygd Stad Skipstunnel forbi det verharde Stadhavet er ei
sak Senterungdommen både i her i fylket og i Møre og Romsdal er
opptekne av. No set dei store statlege prosjekt på Austlandet opp
mot skipstunnelen. Strømmen meiner det er no eller aldri.
- Prisen ein dråpe i havet
- Dette er ei sak vi set søkjelyset på no fordi vi har ein
samferdsleminister frå Sogn og Fjordane som har vore høgt på bana
tidlegare for å få bygd denne tunnelen, og no må det skje noko.
Det er mange som har mist livet på Stadhavet, og no må det gjerast
noko slik at vi kan passere Stad uavhengig av ver og vind. Dette
er ei statleg oppgåve, og prislappen er ein dråpe i havet
samanlikna med dei store investeringane som no blir gjort i Oslo
og på det sentrale Austlandet. Då ser eg det slik at vi må få
denne milliarden til å sikre liv og helse og næringslivet på
Vestlandet.
Mot marmor og spansk eik
Strømmen viser til at Operaen i Bjørvika i Oslo kostar rundt
3,5 milliardar, medan Stad Skipstunnel er rekna til rundt ein
milliard kroner.
- Når du seier at tunnelen ikkje er dyrare enn marmoren og den
spanske eika i golvet i Operaen, blir du teken alvorleg då?
- Eg håpar det. Men det er viktig å poengtere at vi tek val.
Operaen er viktig, men det er skipstunnelen og. Og ved å velje
rimelegare løysingar for operabygget kunne vi kanskje hatt råd til
skipstunnelen og. Tunnelen gjennom Stad er eit unikt prosjekt og
vil tene både skipsflåten, turistnæringa og ungdommen.
- Må byggjast for hurtigruta
Strømmen meiner det er galskap om Stadskipstunnel blir bygd
utan at hurtigruta kan gå gjennom.
- Det er heilt avgjerande å få hurtigruta gjennom. Vi har hatt
fleire eksempel på at vi har vore nær katastrofe med hurtigruta. I
tillegg får vi knytt saman tre store tuyristattraksjonar,
Nærøyfjorden, Geiranger og Stad Skipstunnel, det er svært viktig.