Kjødepollen der eine tunnelinnslaget vert.
Foto: NRK
- Eg tek ikkje hardt når vi trur at 500 000 til
600 000 personar vil kome hit for å sjå tunnelen. Det er ei forsiktig
utrekning, seier Ståle Olsen i Selje Vekst.
Kampen for Stad skipstunnel er inne i ein
kritisk fase. I over 20 år har folk rundt det frykta havområdet kjempa
for å få realisert draumen om ein tunnel gjennom Stadlandet - mellom
Kjødepollen og Moldefjorden.
Siste frist
Denne veka har selskapet frist på seg til å
sende inn siste rest av dokumentasjoen av prosjektet. Og i løpet av året
kjem Stortinget truleg til å bestemme seg for om dei vil betale nærare
ein milliard kroner for tunnelen.
Olsen trur tunnelen, i tillegg til betra
tryggleik for dei sjøfarande, vil bli ein stor turistattraksjon.
- Ser vi på andre naturattraksjonar i Norge som
har rundt ein halv million besøkande, så er vi sikre på at vi vil toppe
denne lista.
- Ikkje stormannsgalskap
Også Marita Aarvik som arbeider for Vanylven
Vekst i nabokommunen nord om fylkesgrensa trur at skipstunnelen vil gje
ein halv million turistar årleg. Ho vil ikkje vere med på at det er
urealistisk
- Ja, på sikt. Det tek tid å byggje opp ein
attraksjon. Men når turistane får Nærøyfjorden, Sognefjellet,
Geirangerfjorden og skipstunnelen på same reiseruta, så trur eg ikkje
det skal vere problem å få turistar hit.
- Men dette er dobbelt så mange turistar som
besøkjer Briksdalsbreen. Det er ikkje litt stormannsgalskap dette?
- Nei, det kan eg ikkje sjå. Mange reisemål i
Norge har alt i dag det same talet besøkande.
- Turistane vil velje ytre Nordfjord
Og vekstselskapa i Selje og Vanylven får støtte
frå reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Wenche Aarset.
- Eg vil ikkje seie noko eksakt tal, men eg trur
ein slik tunnel har potensial i seg til å dra fleire hundretusen
turistar.
- Er det realistisk å tru at Stad skipstunnel
kan verte ein av landets største turistattraksjonar?
- Eg trur vi sit med ein stor turistattraksjon.
Tenk deg ei trolsk stemning gjennom tunnelen. Med rett lyssetting trur
eg turistane vil kome for å sjå og oppleve tunnelen.
Oddgeir Kvernevik på Vestkapphuset delar
optimismen. Han trur heile reisemønsteret i regionen vil endre seg frå
indre strøk gjennom Stryn og Geiranger til ytre Nordfjord gjennom Selje.
- Tunnelen ingen draum
Det var tydeleg på pressekonferansen onsdag at
det er no eller aldri for Stad skipstunnel. Og truleg har optimismen
aldri vore sterkare. Aarvik meiner dei no må tore å tru på prosjektet,
og ikkje minst planleggje for at tunnelen kjem.
- Dette er ingen draum lenger. No er det mykje
som tyder på at det vil gå rette vegen. Eg har enno ikkje høyrt eit godt
argument frå verken politikarar eller andre som tyder på at denne
tunnelen ikkje skal verte ein realitet.
- Kva med at vi snakkar om ei stor rekning?
- Ja, rekninga er stor på desse kantar. Hadde
det vore i Oslo hadde ikkje rekninga hatt noko å seie, og tunnelen hadde
vore bygt for lenge sidan, seier Aarvik.