Både reiseliv, reiarlag og fiskerinæring ønskjer seg ein skipstunnel. Det
kom fram på ein konferanse i Ålesund i dag.
- Engasjementet er stort no. Dersom trykket frå lokalt hald blir sterkt
nok, må stortingspolitikarane gi etter og seie ja til tunnelen, seier
stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap).
No eller aldri
- Dersom ikkje tunnelen blir bygt no, kjem han aldri, trur Svein
Gjelseth. Det er også heilt avgjerande at han kjem opp som eiga sak i
Stortinget. Dersom skipstunnelen skal konkurrere med alle andre
samferdselsprosjekt, er han dømd til å tape, seier Gjelseth.
Rutetrafikken
Fjord1 er interessert i å setje i gang ei hurtigbåtrute mellom Bergen
og Ålesund. Administrerande direktør Stig Kristoffersen seier at tunnelen
er heilt avgjerande for å få til dette.
Turisme
Reiselivet er også interessert i å få bygt tunnelen. Reiselivssjef
Wenche Aarseth i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre meiner at skipstunnelen
vil føre med seg vekst i reiselivet.
Fiskerinæringa
- For fiskerinæringa vil tunnelen fjerne ein barriere, seier dagleg
leiar Ole Morten Sorthe i Møre og Romsdal Fiskarlag. Fiskarane kvier seg
for å gå over Staden, no blir det til dømes lettare å gå til Nordfjord med
sildefangsten. På den måten aukar marknadstilgangen for fiskarane og
råstofftilgangen for industrien, og verdien av sildefangsten får eit løft,
seier Sorthe.
Miljøet
- Også for miljøet er skipstunnelen eit gode, meiner John Breivik,
dagleg leiar i Stad skipstunnel. Blir tunnelen bygt, blir ei godsmengd
tilsvarande 60-100 vogntog flytta over frå veg til sjø kvar dag.