Av
Ragnhild Eikenes
 |
|
Herman Friele. Foto: Marit Hommedal, Sc anpix |
Ordførarane Arve Tonning i Ålesund og den
meir kjende kollegaen lenger sør, Herman Friele, har erklært at
dei vil bruke sin politiske sjarm til å jobbe for realisering av
den mykje omtala Stad skipstunnel.
Dette set sjølvsagt fylkesordførar Nils R. Sandal pris på.
Han seier sjansane for realisering av tunnelen blir større jo
tyngre presset blir.
Tredelt grunn
Bergensordførar Herman Friele seier
grunnen til engasjementet er tredelt. Tryggleik for menneske,
sikrare transport av varer og tenester, samt hurtigare transport
som også gir økonomisk vinst.
Tunnelen vil koste minst 800 millionar kroner, og skal trygge
skipsleia forbi landet sitt vestlegaste og svært vérharde punkt.
- Trygge på kaffifriele
 |
|
Hurtigruteskipet Lofoten |
Tidlegare hurtigruteskipper i 23 år, Audun
Dybedal frå Vågsøy, er ein av mange som har kjempa i over tjue år
for Stad Skipstunnel. Han er svært glad for støtta frå Friele og
Tonning. Han vil sende ei hjarteleg takk til dei fordi dei forstår
verdien av tunnelen. - Det er nettopp det som har vore vanskeleg å
få fram. Men når kaffifriele og den gjengen der tar til orde for
tunnelen, er vi trygge på at det fører fram, seier han.
Foreslår bompengefinansiering
Skipsreiar Dan Odfjell seier til Bergens
Tidende at dersom staten ikkje får i gang bygging av Stad
Skipstunnel innan rimeleg tid, bør bompengefinansiering vurderast.
Odfjell seier dette kan fungere som ei gulrot for å få private til
å gjennomføre prosjektet.