Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRA NRK.NO

 

 
Byggestart for Stad skipstunnel vil kunne skje i 2013 eller 2014.

 
Den meldinga fekk forkjemparane for tunnelen på eit ope møte med Kystdirektoratet i Ålesund onsdag.
Av
Eldgrim Fossheim
Publisert i dag 07:09

Forkjemparane for tunnelen merka seg også at kystdirektøren for første gong brukte formuleringane "når tunnelen kjem" og ikkje "viss han kjem".

Kystverket skal innan 15. oktober har klar ei utgreiing til departementet om alle sider ved tunnelprosejktet. I dette er det teke høgde for å lage tunnelen så stor at hurtigruta "Midnattsol" kan gå gjennom. Det betyr ei tunnelhøgd på 35 meter, noko som er vesentleg større enn tidlegare planar. Ein større tunnel er kostnadsrekna til to milliardar kroner.

 

 

 
       

Oppdatert: 13/09 2007