
Foto: Stig Silden
To privatpersonar med hjelp frå storentreprenøren Skanska jobbar no for å få ein ny trase til Stadt skipstunnel.
Dei meinar at dagens trase er for dårleg, og dei vil heller ha ein ny og lengre trase, som dei meiner kan gi milliardinntekter gjennom sal av steinmassane.
Nickolass Jensen som er den eine av dei to, som vil ha ny trase for tunnelen, syner blant anna til dei verdfulle anortosittførekomstane.
Så mykje som 22 milliardar kroner meinar dei at steinen frå Stadt kan vere verdt.
Skeptisk til tunnelplanar
Men ordførar i Selje Gunn Helgesen og leiar for prosjektgruppa Stadt skipstunnel har liten tru på at alternativ planar er tingen å kome med no. Kystverket har sett i gong ny utgreiing på oppdrag frå Fiskeri og kystdepartementet og no er det om å gjere å halde tunga beint i munnen.