Motorveg til sjøs
Illustrasjonsfoto
Foto:Rainer Prang/NRK
Kystverket vil ha mykje meir av
transporten flytta frå land til sjø. Dette går fram av ein
rapport om trafikken til sjøs i åra som kjem.
Rapporten "Sjøverts stamnett" er ei
utgreiing om transporten langs kysten fram til 2040.
Naturgitte fordelar
Noreg kan relativt enkelt utnytte sine
naturgitte fordelar til å skape ein motorveg til sjøs, seier
Harald Tronstad, distriktssjef for Kystverket Midt-Noreg.
Dette kan gjerast ved å sprengje vekk hindringar under vatn
slik at leia blir djupare, breiare og rettare. På den måten
gjer ein plass for dei nye båttypane som kjem, båtar som er
større, raskare og krev meir effektivitet i hamnene. Det
overordna målet er tryggleiken langs kysten. Kystverket har
hatt særleg fokus på risikotrafikken og næringslivets behov
for rask og trygg transport.

Harald Tronstad
Foto:Kystverket
Knutepunkthamner
Overføringa av gods frå veg til sjø
gjer at det må tenkjast på heilskaplege transportløysingar,
heiter det i rapporten. Fire hamner i fylket blir foreslått
som viktige knutepunkt mellom landverts og sjøverts trafikk:
Ålesund (Flatholmen), Kristiansund (Devoldholmen), Nyhamna i
Aukra og Tjeldbergodden i Aure.
(NRK)