|
På
Yrkesmessa i Herøy 2007 som gjekk av stabelen 25-26 Januar var ordførar
Goksøyr i Herøy innom standen for Offshore skip.
Underteiknande deltok på standen
som informatør til ungdommen som var innom standen.
Då Ordføraren frå Herøy kom innom
vart han gjort kjend med at Sjøoffisersforbundet har fronta eit
støtteskriv for utbygging av Stadt Skipstunnel på vegne av dei tre
sjømanns-organisasjonane til Statsminister, Samferdselsdep. og
Fiskeridepartementet.
Underteiknande sit i styre til
Sjøoffisersforbundet.
Ordføraren syntest at det var
positivt nok, men han undra seg over at han ikkje hadde vorte informert om
kva Vanylven skulle bruke denne utbygginga til. Vanylven kommune må
kome på bana og fortelje dei andre kva denne tunnelen/prosjektet skal
brukast til. På meg virka det som at Herøy kommune synest at dette
store prosjektet er ei sak for Vanylven åleine, og at ein i Herøy ikkje
har behov for eit sånt prosjekt.
Eg vart nærast stum.
Herøy kommune er vel kan hende
den største fiskerikommune i landet, med mykje transport av fisk langs
kysten. Verdien eksportnæringa fiskeria representerer er den andre
største real - næringa i Nasjonen. Transporten langs kysten mellom
fiskerianlegga vert utøvd av fartøy som av storleik er av den mest
utsette for været over havstykke på Stadt-havet.
Oppdrettsnæringa med sin
transport, av både levande og daud fisk, er av desse som er mest hjelpte
med trygg seilas, og eit hurtigbåtsamband mellom Molde-Stavanger vert
realisert igjennom ein Stadt Skipstunnel. Dette er faktum
Når
vi først er inne på temaet kommunikasjon.
Området Sør-Trøndelag - Stavanger
står for ein hovuddel for bygging av utstyr til offshorenæringa på
verdsbasis, og ein stor hovvuddel innan dette fagområdet ligg i området
Ålesund - Hareidlandet – Florø. Som kjent for alle finst der ikkje ryddig
kommunikasjon anten veg eller annan kommunikasjon i ytre delen av dette
området, altså; der trengst mest.
I staden er det igongsatt eit
tunnel prosjekt på tvers av denne retninga, med ein tunnel som er så bratt
og smal/lav at ein treng nærmast ein stor traktor for klare vegstrekninga,
har du hengar på traktoren, vil du få vanskar.
Tidsbesparinga til å køyre denne
nye vegstrekninga vil verta minst dobla både i tid og slitasje for
tungtransporten i forhold til ei hurtigare ferje, samtidig som ein auka
trafikkuhellrisikoen mykje grunna smal/bratt vegbane for tungtrafikken.
Kanskje burde Vanylven
igongsetje ein slags informasjons kampanje i media for å påvirke
kunnskapen om eit naudsynt og betre vegsamband over den delen av
landskapet i nord-syd retning. Men at denne oppgåve skal falle mest på
Vanylven kommune er noko underleg, eg synes at ein i felleskap saman med
andre må ta ansvar for dette inn mot sentrale styresmakter.
Harald Søvdsnes - Eidså
|