Artiklar

Kontakt oss

Filmen

 
 


 
 

ARTIKEL FRA FJT.NO - (Tirsdag, 20.september 2005 19:09)

 

 
- Fiskarane tener på skipstunnel
 
Stig Oldeide krev ei snarleg realisering av Stad skipstunnel. Stad er ei barriere som gjer at fiskeflåten årleg taper store summar sidan dei ikkje får levere der prisane er best.

 
Skrevet av: Odd L. Drabløs (tirsdag, 20.september 2005 19:09)
http://www.fjt.no/default.asp?page=3328&item=542213,1&lang=1
 
 

 

Som så mange andre på kysten brenn Stig Oldeide for ei realisering av Stad skipstunnel. Han kan ikkje med sin beste vilje skjøne at det aldri er vanskar med å finne milliardar av kroner til skulebygg, opera og andre meir eller mindre nødvendige ting på Austlandet, mendan viktige prosjekt i det området av landet der store deler av verdiskapinga skjer, ikkje vert tilgodesett med pengar i det heile.

Som reiar og fiskar stilte Oldeide på det møtet som Kystverket arrangerte i Ålesund tidlegare i år. Eit møte han sjølv opplevde som på grensa til det meiningslause:

- Dei verka ikkje å vere budd i det heile. Det vart sagt at den flittigaste brukaren av Stad skipstunnel ville vere Fjord1 med to turar i døgnet. Det er tøv. Fiskeflåten vart mellom andre ikkje omsnakka i det heile, seier Oldeide.

Les saka i papirutgåva mandag 19. september

 

 


     
     
 

       

Oppdatert: 15/11 2005