Av Randi Anne Lunde, 02.06.06
Samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) hadde ikkje
med seg lovnader om pengar då ho besøkte heimfylket. Men ho
lovar å gjere sitt, dersom folk i Sogn og Fjordane gjer
sitt. – Bruk dei kanalane de har, oppmodar Navarsete.
Samferdsleministeren møtte politikarar og næringslivsfolk
i Loen torsdag. På programmet stod mellom anna orientering
om Stad skipstunnel, stoda i Fjord1 Fylkesbaatane,
spørjetime der ordførarane i dei ulike kommunane fekk kome
med hjartesukk og spørsmål, samt meiningsytringar frå
representantar for lastebileigarnæringa med fleire.
Veg, tunnel, trafikktryggleik, rassikring, flyplass og
trafikk på fjorden var emne under møtet. Det samla signalet
frå politikarar og folk frå næringslivet i fylket er klart:
Det vert løyvt for lite pengar til veg i Sogn og Fjordane,
og dei frammøtte var interesserte i å høyre kva sogningen
Navarsete hadde å seie om det.
Les heile saka i avisa laurdag.
|