Skipstunnel for Midnattsol
Anna Wuttudal, 07.05.07
|
| Det vert ny utgreiing om Stad
skipstunnel. Ein vil mellom anna vurdere alternativ
der også hurtigrutene skal kunne gå gjennom holet.
(Arkivfoto: Tormod Flatebø) |
Fiskeri- og kystdepartementet har gitt Kystverket i
oppdrag å gjennomføre ei ny utgreiing om Stad
skipstunnel. I den nye utgreiinga skal det vere ei brei
vurdering av tunnelen sin storleik og nytteverdi.
- Dei utgreiingane som til no er gjennomført har
ikkje gitt grunnlag for å gjennomføre prosjektet.
Regjeringa ynskjer likevel å «snu kvar stein» i saka,
utan å skape nye og urealistiske forventningar. Det
seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og
kystdepartementet i ei pressemelding.
Det prosjektet som til no er utgreidd for Stad
skipstunnel er lokalisert der halvøya på Stadlandet er
smalast, mellom Kjødepollen og Moldefjorden.
Skipstunnelen har hittil blitt planlagt for farty opp
til 5.000 bruttotonn. Dei nye utgreiingane vil i tillegg
sjå på ei løysning der skip på storleik med
hurtigrutefartøyet Midnattssol, som er i overkant 16.000
bruttotonn, vil kunne passere gjennom tunnelen.
Utgreiingane skal klarleggje konsekvensane ved dei
ulike tunneldimensjonane, mellom anna kostnadsoverslag,
nautiske spørsmål og samfunnsøkonomiske verknader. Det
vil også bli gjennomført ei breiare vurdering av
prosjektet, så som rammevilkår for turisme og
mogelegheiter for sal av steinmasse.
Det vil bli lagt stor vekt på at Kystverket sitt arbeid
med nye utgreiingar vert forankra hjå lokale og
regionale myndigheiter og interessentar.
I media har det vore framlegg om at ein bør vurdere å
leggje den planlagde 420 kV-kraftleidningen i sjøkabel
gjennom Stad skipstunnel. På spørsmål frå Fjordabladet
om kraftleidningsjøkabel vil bli ein del av vurderingane,
svarar avdelingsdirektør Esben Schlytter i departementet
at han ikkje kjenner til den saka, men at det er
naturleg at dei som har slike innspel tek det opp med
kystverket. Førebels er ikkje kartleggingsplanen
utarbeidd i detalj.
- Ein ynskjer dialog med lokale interessentar og med
fylket. Slike ting som kabel gjennom tunnelen kan bli
belyst, men kor vidt ein vil ta dette momentet med i
utgreiingane er det for tidleg å uttale seg om enno,
seier avdelingsdirektøren.
|