Signe
samferdsla
For fjerde gong etter krigen har Sogn og Fjordane fått
samferdsleministeren, etter at ein ny regjeringskabal er lagt. Dette er
ikkje tilfeldig, då samferdsle alltid vil vere avgjerande for
livsgrunnlaget i fjell- og fjordfylket vårt. Det er heller ikkje tilfeldig
at politikarar frå vårt fylke er kunnskapsrike på området, som er svært
sentralt både i lokal- og fylkespolitikken.
Men dette betyr ikkje nødvendigvis at dei viktigaste samferdslepolitiske
sakene har utspring i Sogn og Fjordane. Utbygging av dei store motorvegane
på Austlandet til firefeltsvegar må sjølv ein fjording innsjå er den
største nasjonale utfordringa – i alle fall om talet tapte menneskeliv i
trafikken skal telje mest.
Men dette betyr slett ikkje at betring av samferdsla i Sogn og Fjordane
bør kome langt bak på prioriteringslista – tvert i mot. Dei store og
viktige sakene står i kø. Problem knytt til samferdsle som burde ha vore
løyst for mange år sidan. Det er sjølvsagt heilt uakseptabelt at ein i eit
land som fløymer over av oljepengar ikkje har sikra den svært rasfarlege
strekninga langs Kjøsnesfjorden. Den tragiske dødsulykka sit framleis
ferskt i minnet. Ei ulykke som burde ha vore unngått.
Dei største utfordringane ligg likevel på nybygging/utbetring av
samferdsleårer som er avgjerande for at næringslivet i fylket skal nå opp
i ein stadig meir konkurranseutsett kvardag. Fleire prosjekt blinkar seg
ut som avgjerande for Nordfjord-regionen, når det gjeld vilkåra for
næringslivet. Dei positive ringverknadene av å få realisert Stad
Skipstunnel kan ikkje overvurderast. Prosjektet vil gje heilt andre
rammevilkår for store delar av kysten på Nordvestlandet. Det vil også vere
eit stort pluss for næringslivet om vegen mot Strynefjellet blir rassikra,
slik at ein unngår dei stadige stengingane i vinterhalvåret. Flyplass i
Nordfjord og Kvivsvegen må også nemnast i denne samanhengen.
Liv Signe Navarsete får utfordringar på rekke og rad frå første dag i
statsrådsstolen, noko representanten for det mest distriktsvennlege
partiet av dei alle heilt sikkert er fullstendig klar over. Då må ein
kunne forvente at dei ovanfor nemnde tiltaka blir høgt prioritert, når dei
utan tvil er dei viktigaste faktorane for å bevare og utvikle næringslivet
i distriktsfylket Sogn og Fjordane.
|