|
Forkjemparane
meiner at Stad skipstunnel kjem til å gjere sjøfarten tryggare for
båt- og skipstrafikken som passerer Stadhalvøya. Storm ved Stad er
eit omgrep dei fleste har høyrt. Men for dei som ferdast i området,
betyr det meir enn berre dårleg vêr. For sjøfolka har stormane ved
Stad til alle tider gått på liv og helse laus. No har tre karar frå
Vanylven og Vågsøy laga ein dokumentarfilm om denne tunnelen som
blir den første i sitt slag i verda.
M/S Kommandøren i ei hovudrolle
Filmen er laga av Jermund Rekkedal og Arild Skorge frå
Åheim og Per Kåre Våge frå Deknepollen. Sidan premieren på Fiskå
ungdomshus i haust har tusenvis av menneske – mellom anna fleire
topp-politikarar – sett dokumentaren, som er vist både i Måløy,
Molde, Bremanger og Oslo. På filmen kan ein mellom anna få høyre
vêrharde historier frå Fjord1 MRF-skippar Olger Kobbevik.
– Dei første to månadene vart filmen vist til over 3000 menneske,
og stadig fleire får sjå han. Han har mellom anna gått på
hurtigruteskipa Richard With og Trollfjord, to av båtane som jamleg
passerer det verste havstykket i Europa, fortel Jermund Rekkedal,
som står bak filmproduksjonsselskapet Uno.
Då filmen var produsert i sommar, hadde filmfolka nær kontakt med
Fjord1-konsernet.
– Vi vil rette ein stor takk til Fjord1 for den hjelpa vi fekk. I
samarbeid med Fjord1 Fylkesbaatane fekk vi hurtigbåten Kommandøren
til å gå inn Moldefjorden i Selje, fram til det punktet ein har
tenkt at innslagspunktet på tunnelen skal gå på sørsida av Stad.
Mannskapet og kaptein Frode Monsen gjorde ein kjempejobb. Dette vart
nokre av dei aller beste scenene på heile filmen, smiler Jermund
Rekkedal.
Det vart teke film av hurtigbåten både om bord og frå land, og
mykje av dette materialet er seinare nytta til å lage manipulasjonar
av korleis innslagspunktet til skipstunnelen kan verte sjåande ut.
Dødssvingen
Denne filmen er ikkje spekka med filmtriks og tekniske
detaljar, men syner på ein lettfatteleg måte kva ein slik tunnel kan
ha å seie for tryggleiken til alle som ferdast på Stadhavet. Det
vert òg fokusert på miljøgevinsten ved å føre meir gods- og
passasjertrafikk over frå land til sjø.
– Sjøfolk kallar gjerne Stad for «Dødssvingen på Riksveg 1», og
det ikkje utan grunn. I sluttscena syner vi gravplassen og kapellet
i Ervik der mannskoret Frendar syng «Himmelske Fader». Då skjønar
ein at dette ikkje er eit prestisjeprosjekt, men eit prosjekt som
verkeleg kan redde liv, seier Jermund Rekkedal.
Vi får altså høyre historier frå Fjord1 MRF-skipparen Olger
Kobbevik, men vi får òg servert historier frå røynde sjøfolk som
hurtigruteveteran Audun Dybedal og redningsskøyteskippar Magne
Sætren. Historiene deira er både alvorlege og gripande og
skipstunnelen i eit jordnært og realistisk perspektiv.
|
|
|
Fakta: |
Kystverket gjennomført i
2001 eit forsprosjekt på Stad Skipstunnel på oppdrag frå
Fiskeridepartementet. Dette er den nyaste, offisielle vurderinga
av prosjektet, og konklusjonen er at nytte- og kostnadsanalysen
syner at tunnelen kan verte samfunnsøkonomisk lønsam. Kostnaden
er rekna til 871 millionar kroner med ein feilmargin på
pluss/minus 15 prosent. Drifta av tunnelen er rekna til 2,5
millionar kroner årleg. Desse tala er per i dag noko
oppjusterte.
Tunnelen vert 1790 meter lang og går frå Moldefjorden til
Kjødepollen i Selje kommune.
Seglingsløpet i tunnelen vert 23 meter breitt. Djupta vert 12
meter på den lågaste fjæra, med ei fri høgd på 19 meter. To
fartytypar er lagde til grunn for dimensjoneringa av tunnelen –
ein ringnottrålar med breidd på 13 meter og djuptgåande på åtte
meter og eit fryseskip med breidd på 18 meter og djuptgåande på
seks meter.
Trafikkteljingar viser at 85 prosent av trafikken som passerer
Stad, kan bruke tunnelen med denne storleiken. Dei skipa som er
over 5000 bruttotonn, må gå utanom. Fleire ønskjer no at
tunnelen skal utvidast til å ta båtar som er større enn 5000
bruttotonn, til dømes Hurtigruta, for ein har sett at store
båtar òg kan få problem rundt Stad.
Med Stad Skipstunnel meiner Kystverket at risikoen for tap av
menneskeliv vert redusert til ein sjuandedel.
Stad Skipstunnel vart stifta 10. juli 1985 og er i dag
organisert som eit aksjeselskap med den nyvalde
stortingspolitikaren Åge Starheim (Frp) som dagleg leiar.
|

Foto: Jatoja
|