Kystverket vil bruke nær 110 millionar kroner til utbetring av skipsleia langs Sogn og Fjordane. På kort sikt skal leia ved Olaskjeret i Botnane og Hornelflua ved Skatestraumen utbetrast, skriv Firdaposten.

Kystverket har lagt fram ein plan for stamnett for skipsfarten på kysten. Dette kjem fram i publikasjonen Kystverket. Noko arbeid skal gjerast på kort sikt og noko på mellomlang sikt. På kort sikt ligg mellom anna første del av arbeidet med å gjere leia djupare ved Hornellflua inn til ein totalkostand på kring 20 millionar. Fleire punkt i Måløysundet skal ordnast og dette arbeidet skal fullførast med eit 2. byggesteg noko seinare. Arbeidet er kostnadsrekna til 37 millionar.

Ved Olaskjæret rett nordvest av Botnane i Bremanger skal leiar gjerast djupare til ein pris på 12 millionar kroner. Leirskjærgrunnen aust for Askrova i Flora skal skytast ned til ein pris på 13 millionar kroner. I tillegg er det snakk om betre merking fleire stader.

Kystverket har elles starta eit arbeid med sikte på å klårleggje grunnlaget for å kunne realisere Stad Skipstunnel. Prisen er berekna til 1 milliard og 60 millionar i 2003-kroner.