Etter det avisa kjenner til seier Regjeringa blankt nei til prosjektet slik det er tenkt i dag.
Kjeldene skal vere sentrale personar i regjeringspartia. I framlegget til statsbudsjett kjem det til å stå at skipstunnelen vil bli lagt fram som ei eiga sak når den tid er inne. Men fram dit vil det bli langt å gå.
Konklusjonen skal vere at kost/nytte-graden er for dårleg utgreidd, og utgreiinga frå Kystverket har ikkje nok fagleg tyngde til å kunne gå gjennom i Regjeringa. I tillegg verkar det klart at berre ei løysing med stor tunnel er gangbar. Tunnelen må ha så stor omkrins at båtar på storleik med hurtigruta kan gå gjennom.