Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRÅ FIRDA   08-05-06

 

 
 

Senterungdom til aksjon for Stad skipstunnel

   

BREMANGER: – Senterungdomen ser det som naudsynt at vi får ei avklaring i denne saka. Ein skipstunnel gjennom Stad vil være avgjerande for å sikre riksveg nr 1, seier Marius Strømmen i Senterungdommen.

- Vi kan ikkje leike katt og mus med vêrgudane. Vi har mista mange nok liv på Stad. No må den raud grøne regjeringa halde sine lovnadar om å satse på sjøfart, seier han vidare.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsethe har gått sterkt på bana for ein skipstunnel i valkampen 2005, der ho lova å kjempe hardt for å få til dette unike prosjektet. No ventar heile kyst-Noreg at ho får med seg regjeringa, og innfrir sine lovnadar om ein skipstunnel. Dette er noko vi må ha, og det no, seier Strømmen.

 


     
     
 

       

Oppdatert: 09/05 2006