Artiklar

Kontakt oss Filmen Om oss Forside Bilder
 
 


 
 

ARTIKEL FRA DAGEN.NO - 04-03-2006 (DAGEN)

 

 
 

Samling for Skipstunnelen

Politikarar og moglege brukarar skal drøfte Stad Skipstunnel 24. mars. Kystverket trur ikkje at hurtigrutene, og andre så store skip, treng ein slik tunnel.

Av Bjørn Arild Hatlem
 

 
  FAKTA: – Det har vore mange innspel og signal, derfor er det vesentleg å få fram fakta i denne saka, seier dagleg leiar for prosjektet Stad Skipstunnel, John Breivik.
Foto: Bjørn Arild Hatlem
 

– På konferansen, som skal vere på Høgskulen i Ålesund neste månad, vil næringslivsfolk fortelje styresmaktene kvifor Stad Skipstunnel er viktig. Det har vore mange innspel og signal, derfor er det vesentleg å få fram fakta i denne saka.

Dette seier dagleg leiar for prosjektet Stad Skipstunnel, John Breivik, til Dagen.

Fiskeriminister Helga Pedersen og samferdselsminister Liv Signe Navarsete er invitert, saman med mellom andre stortingspolitikarar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Treng ikkje tunnel
Sunnmørsposten skreiv sist torsdag at Kystverket i ein hemmeleg rapport hevdar at hurtigrutene ikkje treng segle gjennom ein slik tunnel, og at han heller ikkje vil ha så mykje å seie for den nasjonale sjøtransporten. Breivik er usamd i dette.

– Dersom dei har spurt om hurtigrutene må liggje og vente mykje på grunn av veret, er det naturleg at svaret vert nei. Men vi held oss til TFDS som seier at hurtigrutene har vorte ein betydeleg passasjeraktør, og dei derfor er urolege for å passere Stad, seier Breivik.

Meterologisk Institutt opplyser at ordet Stad er eitt av dei orda som det er mest søkt på, når det gjeld veret i Noreg. Passasjerane, og dei som er heime, er urolege for Stad.
Tar liv
– Historien syner at dette havstykket er det her i landet som har krevd flest menneskeliv. Når hurtigrutene fraktar tusenvis av passasjerar, er det mange menneske som tenkjer på risikoen ved Stad. Vi har friskt i minne då hurtigruta MS Midnatsol i 2003 berre var ei båtlengde frå å gå ned her. Dei siste vintrane har vi kvart år hatt store nestenulukker med hurtigruter, seier Breivik.

Han understrekar at Kystverket sjølv i ein rapport har konkludert at prosjektet ikkje treng fleire utgreiingar. Byggjekostnaden har dei rekna ut til å vere 703 millionar 2001-kroner pluss moms. I følgje ei utrekning frå ingeniørfirmaet Ragnar Hagen i Måløy vil det «berre» koste 80 millionar kroner ekstra å utvide seglingshøgda til 33 meter, slik at hurtigrutene og andre store skip kan nytte tunnelen.

Brei oppslutning
– I fjor var det to regjeringar, frå ulike politiske fløyar, som la fram framlegg til statsbudsjett der det stod at Stad skipstunnel skal opp som eiga sak i Stortinget i 2006. Dette er ganske vesentlig, seier Breivik.

Han trur det er mogleg å gjennomføre prosjektet på alternative måtar. Mellom anna har skipsreiaren Per Sævik sagt i Dagen at han har tru på ei OPS-løysing, der private finansierer først, og at staten betaler tilbake over tid.

Breivik gleder seg over at alle politiske parti på Stortinget, med unntak av SV, har representantar som arbeider for Stad Skipstunnel. KrF, Sp og V har programfesta tunnelen, og Frp har også som parti gått inn for prosjektet. Forkjemparane for skipstunnelen håpar at konferansen i Ålesund i mars skal gje eit godt grunnlag for vidare handsaming av saka.


     
     
 

       

Oppdatert: 04/03 2006