Artiklar

Kontakt oss Filmen Om oss Forside Bilder
 
 


 
 

ARTIKEL FRA DAGEN.NO - 26-11-2005 (DAGEN)

 

 
 

Magne på Statten berga 29

Som skipper på redningsskøyta i Måløy, berga Magne Sætren mange menneske frå døden. I ei fersk bok fortel han om dramatiske aksjonar, særleg på Stad.

Av Bjørn Arild Hatlem

Kilde: http://www.dagen.no/show_art.cgi?art=8487
 

 
  SKIPSTUNNEL: Mange av dei båtane og mannskapa Magne Sætren (nr 3 frå venstre) har berga, kunne ha passert Stad utan problem, dersom Stad Skipstunnel var bygt. Det meiner også dagleg leiar for prosjektet, John Breivik, hurtigrutekaptein Arne R. Gran-Ernstsen og ordførar og Stad-styreformann Jan Helgøy.
Foto: Bjørn Arild Hatlem
 

– Eg og mannskapet mitt har vore med og berga 29 menneske, frå Sognesjøen i sør og opp til søre Sunnmøre. Dei fleste har vi berga rundt Stad, fortel Magne Sætren, som pensjonerte seg sommaren 2001 etter nær 25 års teneste i Redningsselskapet.

Dagen møter han om bord i hurtigruta «Trollfjord» saman med journalist Helge Gloppen som har skrive
boka «Magne på Statten – fra fisker til redningsmann».

Sætren fortel i boka om ein tøff oppvekst på øya Silda i Nordfjordkommunen Vågsøy. Som liten opplevde han at faren vart tatt av tyskarane og sendt til fangeleir. Sætren måtte tidleg gjere nytte for seg som fiskar. Seinare vart han ein høgt respektert bergingsmann.

Prosjektet Stad Skipstunnel har fått eit heilt kapittel i boka.

– Eg har engasjert meg sterkt i denne saka fordi eg har sett elendigheita ut på der, som kunne vore unngått dersom vi hadde hatt Stad Skipstunnel. Dersom dei som styrer land og rike hadde vore med på Stadhavet, så hadde dei fått fart på seg, seier Sætren.

Trenert skipstunnel
Han synest det er ille at skiftande storting og regjeringar har trenert prosjektet i årevis. Og han trur det skuldast at dei er meir glade i å sitje i skinnstolen sin, enn å gå om bord i båtane der gjerningane vert utført og sjå det på nært hald. Politikarar har vorte invitert på Stadtur, men har takka nei.
Sætren fortel om sorgene han har hatt når han har måtta plukke opp frå havet dei som ikkje overlevde.

– Det er trasig, veldig trasig. Det er noko som dei skulle ha opplevd dei som har styrt land og rike, så hadde dei vorte mjuke skrottar dei og. Du må unnskylde meg at eg vert litt rørt, seier Sætren, og vi ser tydeleg at han vert litt blank i augene med tanke på dei gongane det gjekk gale.

Sorg og gleder
Han fortel at det er mange som har mista livet rundt Stad, slik at det er tett med skipskyrkjegardar på havbotnen. Mellom anna hugsar han to sandbåtar. Den eine gjekk det fire mann på, og på den andre var det to mann som miste livet.

– Når ein kjem for seint, er det ikkje berre det å finne dei ein skulle berge, men det å møte dei som har mist sine. Det kan ikkje nokon setje seg inn i. Og så har eg den store gleda når eg bergar nokon. Dei som vert berga er gjerne så mykje i sjokk, men å sjå folket som får sine igjen, det er verkeleg ei glede, seier Sætren.

Medan bergingsaksjonen er i gong, tenkjer han ikkje så mykje på at han utset seg sjølv for fare i storm og svære bølgjer. Tankane kjem gjerne etterpå, når han er for seg sjølv i stilla.

– Det er ikkje alltid du får sove så godt, det skal eg love deg. På grunn av det du har sett og utført, og ikkje fått utført. Det er mange tankar som går i hovudet. Det er bra sikkert, seier Sætren.

Kamp mot leiinga
Han synest det har vore svært meiningsfullt og gjevande å ha eit slikt arbeid i Redningsselskapet. Men han har kjempa ein hard kamp med administrasjon og styre i organisasjonen, særleg dei 12 åra då ein namngjeven pensjonert krigar og marineoffiser sat som generalsekretær.

– I denne perioden var det berre elende. Dei var så arrogante at det kunne ikkje vere noko verre. Det var om å gjere å skremme oss, alle som var på sjøen. Det var berre toppen som skulle ha tankar i hovudet, vi skulle ikkje ha noko, vi kunne ingen ting. Eg gjeve ut boka for at folk skal sjå kor gale det kan vere når ein organisasjon er i utakt med grasrota, seier Sætren.

Han fortel vidare om då folket i Sogn og Fjordane hadde samla inn over 700.000 kroner til ein MOB-båt. Generalsekretæren skreik opp og banna då Sætren spurde om forskot på 70.000 slik at ein skulle få ut båten snarast råd. Slike «solo-innsamlingar» ville han ikkje ha noko av.

– Må rydde opp
Redningsselskapet har kome med mange bøker sjølv, men «Magne på Statten» er den første boka som har kome ut med ein sjøtilsett medarbeidar, og som ikkje er kontrollert av selskapet.

– Eg har ikkje vendt ryggen til Redningselskapet, for det er ein viktig organisasjon. Men eg har vendt ryggen til den leiinga som har vore der medan eg var aktiv. Skal Redningsselskapet få tillit, må dei rydde opp frå grunnen. Dei kan ikkje måke all skiten under bordet, seier skipparen.

Striden mellom han og leiinga kjem tydeleg fram, og det er med mange graverande opplysningar om vanstyret. Elles er det med mykje interessant om aksjonar i eitt av verdas farlegaste havområde.

– Tanken var å fortelje historier om folk som eg og mannskapet mitt har vore med og berga, og om korleis det er å vere på havet. Eg fortel om glede når folk vert berga, og sorg når folk ikkje vert berga, seier Magne Sætren.

Publisert 26.11.2005 

 


     
     
 

       

Oppdatert: 11/01 2006