Artiklar Kontakt oss Filmen Om oss Forside Bilder

 
 

ARTIKEL FRA DAGEN.NO - 12-10-2005 (DAGEN)

 
 
 
 

KrF tapte veljarar i kjernesaker for partiet, trur tidlegare stortingsmann Per Sævik. Han meiner at partiet også skulle gjort meir for Stad skipstunnel.

Kilde: http://www.dagen.no/show_art.cgi?art=8267

Av Bjørn Arild Hatlem

 

-

 

TILBAKE: KrF-veteran Per Sævik synest det er smerteleg at KrF gjekk så mykje tilbake ved valet. Han meiner partiet no må finne meir tilbake til seg sjølv for å få styrke.
Foto: Bjørn Arild Hatlem
 

– Eg er svært skuffa over at Kristeleg Folkeparti gjorde eit så aldeles elendig val. Årsakene kan vere mange. Men når partiet kjem i opposisjon håpar eg at det ikkje let seg slå på heimebane til dømes i spørsmål om Israel. KrF har latt andre stå fram som meir pro Israel.
Dette seier sunnmøringen Per Sævik, som har 20 års fartstid som aktiv politikar i KrF, både som ordførar og som stortingsrepresentant. Sævik karakteriserer seg sjølv som ein radikal lekmann innanfor bedehus og frikyrkjeliv.

– Eg håpar at KrF vert ganske tydeleg på kva som er grunnfjellet i partiet. Det er viktig å få tilbake dei som har gått til andre parti, eller som har sete på gjerdet. For oss som har tilhøyrt partiet heile tida smertar det å sjå nedturen, seier Sævik.
Han trur at valet gjekk som det gjekk også fordi KrF og regjeringa ikkje lukkast med valkampen. Tilsynelatande har KrF vorte ekstra straffa for det.
– Det er viktig at KrF finn tilbake til seg sjølv, og at det ikkje vert «Akersgatas parlament» med VG og Dagbladets agenda som får bestemme kursen. Det er ikkje der KrF kan vinne tilbake sin styrke, seier Sævik.

KrF og skipstunnelen
Som administrerande direktør for Havila AS, eit selskap som eig skipsverft og mange skip, er han også interessert i Stad skipstunnel.
– KrF har programfesta Stad skipstunnel i så lang tid, og partiet har sete med regjeringsmakt så lenge, utan at det har hendt noko særleg konkret. Det er ikkje akkurat med på å byggje opp om tillit til det politiske systemet, seier Sævik.
Han understrekar at det er farleg i opposisjon å leggje inn programforslag som ikkje vert effektuert i posisjon.

Nesten tragedie
– Dersom skipstunnelen skal realiserast, bør den ha ein dimmensjon som er så stor at Hurtigruta kan gå gjennom. Sjølv om prosjektet får ein høgare prislapp, kjem ein langt betre ut når det gjeld forholdet mellom kost og nytte, seier Sævik, som også eig ein vesentleg del av hurtigruta Richard With.
Han minner om det ikkje er lenge sidan ei ny hurtigrute fekk motorstogg og heldt på å gå ned ved Stad.

Om det ikkje hadde hendt eit mirakel kunne dette vorte ei tragedie større enn det ein har opplevd i fleire generasjonar. Derfor vil ein slik tunnel kunne vere svært viktig med tanke på tryggleiken langs kysten. Sævik understrekar at det likevel kan vere delte syn på kor vidt det er rett å nytte 1,5 milliardar kroner på dette prosjektet framfor andre prosjekt som Stortinget ønskjer å prioritere.
– Kan KrFs tilbakegang i kyst-Noreg, også ha samanheng med at ein er skuffa over at skipstunnelen ikkje er vedtatt?
– Dersom du spør min gode ven, ordførar Jan Helgøy i Vanylven, så er han ganske tydeleg på nettopp det, seier Per Sævik, utan å ville seie meir om eige syn.

 

 
 
 
 

Oppdatert: 11/01 2006