|
Måndag
møtte Breivik og representantar frå Kystdirektoratet ti
kinesarar i Oslo for å orientere om forprosjektet Stad
skipstunnel og den jobben som så langt er gjort.
Breivik
fortel at den kinesiske delegasjonen fortalde at dei sjølve
har planar om å bygge ein skipstunnel på 2.400 meter. Ein
skipstunnel som også få ein sving omtrent på midten.
-
Dei verka å
vere imponert over det store arbeidet som er lagt ned i
forprosjektet. Det dei eigentleg var mest overraska over var
at ikkje skipstunnelen er bygd for lenge sidan, seier
Breivik.
Breivik
fortel at dei som møtte frå Kystdirektoratet brukte ein del
tid på dei vanskane som hydrologien, eller dragsuget, vil
skape i ein skipstunnel.
Dette er
problem som er kjende for dei som har jobba med
skipstunnelen mellom Moldefjorden og Kjødepollen, men som
uansett er svært viktig for å få størst mogeleg nyttegrad av
tunnelen.
-
Kva ligg i
dette?
- At kjølen
på båten, eller det som er under vatn av båten, ikkje bør
overstige meir enn ein tredjedel av det samla volumet
tunnelen har under vatn, fortel Breivik.
Som
ordførar Gunn R.V. Helgesen i Selje er Breivik oppteken av å
få ut informasjon om prosjektet:
-
Det vi har
opplevd er at dei som set seg inn i kva det er snakk om blir
positive til skipstunnelen. Det er dei utan kunnskap om både
prosjektet og prosjektet sin store verdi for kysten som er
skeptisk, seier Breivik.
I går var
Breivik i møte med fylkesordførar Jon Aasen i Møre og
Romsdal og ordførar Jan Helgøy i Vanylven for å gå gjennom
nytt informasjonsmateriell om Stad skipstunnel.
Breivik har
ikkje den store trua på at det er avsett pengar til Stad
skipstunnel i statsbudsjettet som vert lagt fram 6. oktober.
Dermed så reknar han med at skipstunnelen kjem opp som eiga
sak i Stortinget. Både regjeringa Bondevik og den sitjande
regjeringa har lovd at Stad skipstunnel skal leggjast fram
for Stortinget i løpet av 2006.
Når det
gjeld utfall av Stortinget si handsaming av saka så har
Breivik eit håp om at tunnelen no vert sendt ut på anbod,
slik at ein kan få eit endeleg svar på kostnaden med
prosjektet.
-
Det beste
hadde sjølvsagt vore at det vart avsett pengar til oppstart.
Det nest beste at Stortinget kjem med ei viljeserklæring som
seier at tunnelen skal byggjast dersom kostnaden ligg
innanfor det som er stipulert. I løpet av vel ei veke så får
vi svaret, seier John Breivik.
|