|
Inntektstap på 100
millionar
| |
|
|
Fiskarane taper 62 millionar kroner i året på at Stad
skipstunnel ikkje er bygd. Tap for andre fartøygrupper kjem
i tillegg.

|
|
Sogn
og Fjordane Fiskarlag har rekna ut det årlege verditapet
næringa vert påført på grunn av at Stadhavet ikkje let seg
passere, eller at slingring og dårleg vêr fører til mindre
pris på råstoffet på grunn av redusert kvalitet.
Utrekningane til Fiskarlaget byggjer på talmateriale henta
frå Noregs Sildesalslag og baserer seg på fangstmengde av
makrell hausten 2005 og fangstmengde Norsk Vårgytande Sild (NVG)
i 2006.
Stig Oldeide, som er den som har hatt ansvaret for
utrekningane, fortel at dei har rekna forskjell i pris nord
og sør om Stad på halvparten av levert kvantum makrell og
sild.
Fiskarlaget har lagt inn ein prisforskjell per kilo levert
makrell på kroner 2.71 for dei minste båtane og 20 øre for
dei større båtane. For halvparten av levert fangstmengde
utgjer dette 16,8 millionar kroner i inntektstap for
fiskarar og reiarlag kvart einaste år. Når det gjeld NVG er
det rekna eit pristap per kilo på 77 øre, men når mengda NVG
levert etter 1. februar er 118.000 tonn utgjer 59.000 tonn
eit inntektstap på 45,4 millionar kroner.
–Vi har lagt oss lågt og vi har brukt tal som alle kan
kontrollere, både på mengde og på forskjellar i pris nord og
sør om Stad. Med den forventa auken i sildekvoten som
Havforskingsinstituttet legg opp til og fullt oppfriska
kvote kan vi snakke om eit verditap som nærmar seg det doble
av 60 millionar kroner kvart einaste år, seier Oldeide.
Les saka i papirutgåva måndag. |
|
|