Alt verkar
å gå vegen for dei som står på for ei realisering av Stad
skipstunnel. Håpet stig, men enno er det ikkje løyvd ei einaste
krone til anna enn planlegging og forprosjekt. Likevel så er
styreleiar Jan Helgøy overtydd om at det økonomiske gjenombrotet
er like rundt hjørnet. At både samfersdleminister Liv Signe
Navarsete (Sp) og fiskeriminister Helga Pedersen (Ap) har sagt
til eit møte om skipstunnelen i Oslo komande torsdag, tolkar
Helgøy som eit svært godt teikn:
- Eg reknar med at dei har eit positivt bodskap å komme med når
vi får møte dei på så pass kort varsel som det vi gjer, seier
Helgøy.
Helgøy møter både som styreleiar i Stad skipstunnel og som
KrF-ordførar i Vanylven. Med på møtet i Oslo vert også ordførar
Gunn R. V. Helgesen (KrF) i Selje, fylkesordførar Nils R. Sandal
(Sp) frå Sogn og Fjordane og fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i
Møre og Romsdal.
Les saka i papirutgåva fredag. |