Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRÅ FJORDENES TIDENDE   18-01-06

 

 
 

Hurtigbåt Koparnes – Ålesund

- Vil endre reisemønsteret







Odd L Drabløs
(www.fjt.no)

Rolf Domstein er sikker på at ei reisetid på ein og ein halv time frå Måløy til Ålesund vil endre nordfjordingane sine reisevanar totaltRolf Domstein er glad for initiativet frå Vanylven kommune om ein hurtigbåt mellom Koparnes og Ålesund-Valderøy. Domstein er sikker på at ei slik rute vil få mange brukarar frå Nordfjord.

 Reknar vi tre kvarter til Koparnes og tre kvarter med båten til Ålesund så snakkar vi om den samme reisetida vi i dag har frå Måløy og til flyplassen på Sandane. Då seier det seg sjølv at det vert interessant. Svært interessant, seier Rolf Domstein.

Domstein, som er storbrukar av fly, seier at dei nok vil gjere seg nytte av ruta den dagen den er ein realitet:

Med å komme til Vigra så er vi rett inne på stamnettet og sparer ein etappe. Det er klart det vil vere positivt å komme rett til ein større flyplass med mange ruter og høg regularitet. Vi kjem nærmare verda med eit slikt opplegg, seier Domstein.

Domstein fortel at ein av grunnane til at mange ivrar for Stad skipstunneler at ein då vil kunne sleppe å bruke både bil, båt og fly for å komme til møter i større byar. Sjølv om det nye opplegget ikkje vil endre på dette, ser Domstein openberre fordelar:

Dette vil vere eit langt steg i riktig retning inntil vi får skipstunnlen på plass. Kjem denne ruta vil den totalt endre reisemønsteret til og frå Nordfjord, seier Rolf Domstein.

Vil på rutenettet frå 1. mai

Jan Helgøy var i går i møte med CruiseService. Målet er at hurtigbåten skal legge ut frå Koparnes 1. mai.

Ordførar Jan Helgøy (KrF) i Vanylven er ikkje den som er sein i snuen når det er noko han brenn for. Ikkje før var tanken om ein hurtigbåt frå Koparnes til Ålesund-Vigra tenkt, så var tankane omsett i handling.

Laurdag var det tidlegare ordførar i Vanylven og noverande fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap) som vart orientert om planane og beden om draghjelp for å få planane realisert så snart som råd.

Måndag var sambandet tema i formannskapet i Vanylven og eit samla kollegium uttrykte støtte til ein hurtigbåt frå Vanylven og nordover.

I går var Helgøy og leiar i Vanylven Vekst, John Breivik, i Ålesund for å møte CruiseService som eventuelt skal stå for transporten på det nye rutesambandet.

Aasen var voldtsomt positiv og lovde å gjere det han kan for at dette skal bli ein realitet. CruiceServise har ein ny båt under bygging som skal vere ferdig før 1. juni, men vi må få dette opp og gå før den tid, seier Helgøy.

Er det realistisk?

Vi har eit mål om å få dette sambandet inn i ruteheftet så snart som råd og eg har eit håp om at ruta skal vere operativ frå 1. mai. Det er ikkje sikkert at saka treng handsamast i fylkesutval og fylkesting. Det kan vere at samferdsleutvalet i Møre og Romsdal kan gje konsesjon og då er det fullt mogeleg å få denne ruta på plass til 1. mai, seier ordførar Jan Helgøy.

Når det gjeld avganger meiner Helgøy at ein bør legge opp til tre- fire avgangar kvar veg dagleg, og at den fysrte ruta går så tidleg at forretningsfolk, politikarar og andre reisande kan nå dei fyrste flya frå Vigra.

Helgøy meiner at ein ikkje må legge inn for mange stoppestader slik at dei reisane misser litt av tidsgevinsten.

Tid er pengar og eg meiner at stopp på Eiksund, Valderøy og Ålesund kanskje er det som er naudsynt, men dette er noko vi får finne ut av i samarbeid med selskapet som skal transportere sambandet, seier Helgøy.

Helgøy har tidlegare sagt at ei reisetid på 45 minutt frå Koparnes og til Ålesund-Vigra vil opne for nye reisemønster som også vil komme store deler av folket i Nordfjord til gode.

Positiv fylkesordførar

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) er svært positiv til hurtigbåt nordover.

Fylkesordførar Jon Aasen var ordførar i Vanylven i snart ein mannsalder då han hoppa over til fylkeskommunal politikk på heiltid for litt over to år sidan.

Som fylkesordførar vil han ikkje ha meiningar om kva som skjer med ein søknad om konsesjon på ei hurtigbåtbrute mellom eigen kommune og Ålesund-Valderøy, men som privatperson er han overmåte positiv.

Heller ikkje dårlege erfaingar frå tidlegare skremmer:

Dette har vore forsøkt tidlegare utan at det då vart nokon suksess. Det er eg sikker på at det blir denne gongen. Både talet på reisande og tal menneske som  pendlar er kraftig auka sidan den gong. Dette er eit opplegg eg så absolutt har tru på og som eg helsar med glede, seier Aasen.

Tyder det at du vil pushe på for å få denne saka hurtig opp til behandling?

Det er ikkje nødvendig å pushe på. I Møre og Romsdal skjer ting fort. Vi har kort sakshandsamingstid og kort veg mellom sakshandsamar og politiske vedtak, seier Jon Aasen.

[Er det grunn til å tru at denne saka kjem opp i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal neste månad

No veit eg ikkje korleis ting ser ut for samferdsleutvalet, men eg reknar med at dette vil bli ei sak som utvalet kan uttale seg om alt i sitt komande møte.

Stoppar saka i samferdsleutvalet eller må den til fylkestinget?

Det er eg ikkje heilt sikker på, men eg er sikker på at det ikkje vil gå så lenge før søkjarane får svar, seier fylkesordførar Jon Aasen.

 


     
     
 

       

Oppdatert: 20/01 2006