Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRÅ FJORDENES TIDENDE   20-01-06

 

 
 

Skipstunnel mellom Bergen og Ålesund


Press frå storbyane Bergen og Ålesund skal gje gjennomslag for skipstunnelen mellom Moldefjorden og Kjødepollen.







Odd L Drabløs
(www.fjt.no)

Dagleg leiar i Vanylven Vekst, og Stad skipstunnel, John Breivik ønskjer å halde høgt press på skipstunnelen. Alt som kan gjerast skal gjerast for å posisjonere tunnelen med tanke på å få Stortinget til å løyve pengar til oppstart, og fullføring.

Bergen
Gjennom eit samarbeid med Ålesund handelsforening har Breivik lukkast å få til eit orienteringsmøte om Stad skipstunnel i regi av Bergen Næringsråd og Maritimt Forum for Bergensregionen.

På møtet 19. januar i Handelens og Sjøfartens hus vil både filmen om skipstunnelen og orientering om prosjektet vere sentrale element.

I innbydinga til møtet er det lagt stor vekt på dei moglegheitene som ei direkte hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund vil opne.

Ordførar Arve Tonning (H) i Ålesund, administrerande direktør Bjørn Tømmerdal, ordførar Jan Helgøy (KrF) i Vanylven og John Breivik vil møte ei svært viktig forsamling av næringslivsleiarar og politikarar med bergensordførar Hermann Friele (H) i spissen.

Konferanse
John Breivik har også på beddingen ein større konferanse om Stad skipstunnel i Ålesund i mars.

Tanken er at dette skal bli ei storsamling som skal sette ekstra fokus på skipstunnelen. Ei samling der både statsrådar, sentrale politikarar og andre sentrale aktørar skal få dokumentert at kysten både står samla bak og treng Stad skipstunnel.

- For oss er det viktig å halde presset oppe, slik at saka ikkje glir ut av den offentlege debatten, seier John Breivik til avisa Synste Møre om den planlagde konferansen.

I ei annonse i samme avis fortel Vanylven Vekst at målet er å få fremja Stad skipstunnel som prosjekt for Stortinget fyrste halvår i år.

 


     
     
 

       

Oppdatert: 20/01 2006