Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRÅ FJORDENES TIDENDE   20-01-06

 

 
 

Full fart forover


Ordførar Jan Helgøy (KrF) reiste i går frå Bergen styrkt i trua på at Stad skipstunnel er inne på statsbudsjettet for 2007







Odd L Drabløs
(www.fjt.no)

- Filmen og det vi hadde og fortelje om Stad skipstunnel gjekk rett i hjarterota på forsamlinga, seier Jan Helgøy etter å ha vore i Bergen for å presentere prosjektet han har jobba for i snart 20 år.

Samling
Som reisefølgje hadde Helgøy ordførar Arve Tonning (H) frå Ålesund. I Bergen møtte dei ordførar Hermann Friele, representantar frå handelsstand, politikk, samferdsle og reiarlag.

- Hermann sa at dette gjer vi noko med. Som ordførar i Bergen skal han møte komiteen alt neste veke og han lovde å legge inn eit godt ord for skipstunnelen, seier Helgøy.

Atle Kvamme, Dagleg leiar i Maritimt Forum, kjenner Stad skipstunnel frå tida då han var i media, og han er like overtydd i dag om at dette prosjektet må realiserast:

- Dersom eg er rett informert så var det 700 millionar kroner på investeringsbudsjettet innan samferdsle som ikkje vart brukt i fjor. Det er heilt meiningslaust når ein har slike gode prosjekt som Stad skipstunnel som berre skrik etter å bli realisert, seier Kvamme.

Kvamme meiner at Stad skipstunnel no er offer for at ingen tek ansvar og at prosjektet flyt mellom fleire departement:

- Eg kjende Baldersheim og er er imponert over at det no er laga eit prosjekt til ein pris som gjer det samfunnsøkonomisk lønnsamt. Det som må skje no er at ein får plassert saka i eit departement og slepp noko meir ansvarsfråskriving. Frå skipsnæringa si side så er dette heilt klart eit prosjekt vi ventar på og som vi ønskjer så snart som råd, seier Atle Kvamme.

Konferanse
Helgøy meiner at det er svært viktig å få Stortinget til å stå ved eigne lovnader slik at Stad skipstunnel kjem opp som eiga sak i løpet av fyrste halvår:

- Dersom regjeringa no stiller seg bak Stad skipstunnel så kjem det til å bli eit samrøystes Storting som seier ja til tunnelen. Vi må få saka opp i vår, slik at vi sikrar startløyving med i statsbudsjettet for 2007, seier Helgøy.

Helgøy fortel at planlegginga av den store konferansen om Stad skipstunnel i Ålesund i mars held fram, men at dei må finne ein dato som passar begge dei to statsrådane som skal delta:

- Vi skal ha både fiskeriminister Helga Pedersen og samferdsleminister Liv Signe Navarsete med oss på samlinga i Ålesund. No vi gjev vi oss ikkje. Vi siglar på ei medgangsbølgje og no er det full fart forover til pengane er på plass. Også NSB var med på møtet i Bergen og dei også støttar skipstunnelen. Det er klart at når ein heil landsdel krev skipstunnelen så må Stortinget finne dei pengane som trengst for at arbeidet med dette viktige prosjektet endeleg kan starte opp, seier Jan Helgøy.
 


     
     
 

       

Oppdatert: 20/01 2006