Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRÅ FJORDENES TIDENDE   29-08-05

 

 
 

Eldsjeler har på dugnad laga ein dokumentar om Stad skipstunnel som bør
sendast kontinuerleg i alle kanalar på Løvebakken til Stortinget har løyvd
nok pengar til prosjektet.







Odd L Drabløs
(www.fjt.no)



Jermund Rekkedal, Arild Skorge og Per Kåre Våge har laga ein film om
dødssvingen på Riksveg 1 som vil bli ståande som eit monument over år med
politiske lovnader nesten utan innhald.
Eit film-monument som bør gje sentrale folkevalde dårleg samvit og
somnlause netter fram til den dagen den fyrste salva smell i Moldefjorden
- eller Kjødepollen.
Dei tre karane har jobba med filmen i eit år. Summerer ein  timar og
utgifter har filmen kosta mellom tre- og femhundretusen kroner. Med unntak
av 50.000 kroner i støtte frå Vanylven Vekst har dei tre eldsjelene dekt
resten på pur idealisme for eit prosjekt dei har tru på og som dei ønskjer
realisert.
Den enorme applausen etter den fyrste lukka framsyninga fredag måtte varme
og var så fortent så fortent.
Filmen startar med eit historisk tilbakeblikk før kjende
tunnelforkjemparar og hovdingar på kysten kjem med klare meldingar om
kvifor tunnelen må byggast. Jan Helgøy, Oddmund Barmen, Ragnar Hagen og
Åge Starheim representer tunnelstyret. Olgar Kobbevik, Magne Sætren, Einar
Ebbesen og Audun Dybedal er mellom dei som fortel om eigne erfaringar frå
eit av verdas farlegaste havstykke og som i kystfolkets ånd ikkje dullar
bodskapen inn i skodde og graut når dei fortel kvifor det no er på tide at
Stad skipstunnel vert bygd.
Det var ikkje fritt for humring i salen då Magne Sætren i vanleg klårtekst
melde frå lerretet at skipstunnelen ikkje kosta meir enn nokre få limtuber
i Romeriksporten.
Klipp med bølgjer av ein storleik som kallar på sjøverken og ei hurtigrute
med 164 menneske ombord berre båtlengda frå den største skipskatastrofen i
landet, gjer at publikum får eit ramsalt innblikk i kva krefter som ligg i
det kvilelause storhavet.
Vigdis Wåge fortel om kvinner på kysten som vart åleine etter at deira
kjære kom bort på Stadhavet. Kvite kors reiser seg opp av havet rundt
heile den knyttneven som ligg som ei sperre for folk- og godstransport
opp- og nedetter kysten. Brenning 19 mann står det på eit av korsa som på
ein gripande måte fortel at minst 100 menneske har mista livet på dette
havstykket, og det fortel at ein skipstunnel kan spare kysten for forlis,
sorg og sakn.
Filmen er professjonelt bunde saman av Janne-Brit Aasen sine kommentarar
og den fortel også nøkternt om korleis tunnelen blir og den store
betydninga den vil få for heile kysten. Mellom anna får vi sjå korleis
tunnelen blir sjåande ut og publikum får vere med på ein siglas gjennom
verdas fyrste tunnel for skip.
Filmskaparane har laga ein nøktern film som både er opplysande og som
spelar på det emosjonelle utan å bikke over i det sentimentale. Ein
siglingsklar skipstunnel vil redusere trafikken gjennom Oslo med 100
trailere i døgnet sidan ein får flytta gods frå bil til kjøl. No ønskjer
dei å få vist filmen og informasjonen for eit større publikum:
- Vi kjem til å kontakte både NRK og TV2 med tanke på at ein av dei skal
kjøpe inn filmen. Vi har stor tru på at dersom filmen vert vist på ein
riksdekkande kanal så vil det kunne føre til eit gjennombrot for tunnelen
og at langt fleire politikarar ser kor viktig den vil bli, seier Arild
Skorge.
Den rundt 40 minutt lange filmen er av ein slik kvalitet at den så
absolutt fortener eit stort publikum.
 

 

Blomster: Varaordførar Tormod Hvattum (Sp) gav dei tre filskaparane Arild
Skorge, Per Kåre Våge og
Jermund Rekkedal velfortente blomster for ein
gripande film om Stad skipstunnel.


Bondevik skuffa


For ordførar Jan Helgøy og Stad skipstunnel sin del kunne statsminister
Kjell Mange Bondevik likegodt vore heime.
Jan Helgøy har til gode å møte Kjell Mange Bondevik i politisk samanheng
dei siste 20 åra utan at Stad skipstunnel er blitt nevnt. KrF har også
programfesta bygging av skipstunnelen i sine tre- fire siste nasjonale
program.
Det var derfor venta at Bondevik ville bruke visitten i Vanylven til å gje
Helgøy og andre tunnelforkjemparar i KrF drahjelp i valkampen.
Forventningane vart på ingen måte innfridd.
Ikkje rakk Bondevik fram slik at han fekk med seg filmen om skipstunnelen
og ikkje nevnte han skipstunnelen med eit einaste ord då han opna årets
solsikkedagar. Dette på tross av at alle som hadde ordet før
statsminsiteren viste til kor viktig det var for Vanylven og distriktet
rundt at tunnelen vart realisert.
Fyrst då statsminister Chr. Michelsen, i Ove Bøstrand sin skikkelse, minte
dagens statsminsiter om at skipstunnelen burde vore bygd for lenge sidan,
tok Bondevik ordet skipstunell i sin munn, og då på ein slik måte at det
eigentleg gjorde vondt verre for Helgøy som vert.
Bondevik viste til at Michelsen var ein rik skipsreiar frå Bergen og at
dersom han og andre med pengar ville vere med på eit spleiselag så kunne
det kanskje hende at det ordna seg med tunnel.
Både kommunar, fylkeskommunar og politiske parti har peikt på at det er
eit nasjonalt ansvar at skipstunnelen vert bygd og at eit spleiselag er
fullstendig uaktuelt. Ein samla kyst, frå Sandnes til Trøndelag peike i
ein uttale etter Florømøtet på det samme. Likevel så er dette ein modell
som Bondevik verkar å ville gå inn for og det midt i den kommunen som har
jobba mest for skipstunnelen.
Jan Helgøy hadde fortent ei opa hand og ikkje ein knyttneve frå sin eigen
statsminister.
Statsministrar: Ove Bøstrand var den einaste som lokka Bondevik frampå med
nokre ord om Stad skipstunnel. Ordførar Jan Helgøy t.h. hadde nok vente
seg meir enn han fekk frå statsministeren.


- Bygg nyttetunnel


Få, om nokon, har passert Stadhavet fleire gonger enn Olgar Kobbevik.
Den gamle heidersmannen Olgar Kobbevik har over 40 år bak seg i MRF si
teneste. Både som mannskap, styrmann og skipper på Mørerutene og også som
fiskar har han passert Stadhavet meir enn 3.000 gonger.
- Du kan skjøne det at eg har vore for skipstunnelen heile tida. Eg var
vel ein av dei fyrste Helgøy snakka med etter at han kom med i arbeidet
for tunnelen, seier Kobbevik.
Kobbevik er heilt klår på at tunnelen må byggast og at den må få ei
seglingshøgd som er slik at båtar som siglar under Måløybrua også kan
sigle tunnelen:
- Dei må bygge ein nyttetunnel og ikkje ein tunnel berre for småbåtar. Då
vil nyttetrafikken komme seg rundt i alt slags vêr, det er det beste som
er, ein trygg siglas. Vi har lidd nok tap av last og menneskeliv på dette
havstykket, men det kan verke som tryggleiken alle tider kjem i siste
rekke, seier Olgar Kobbevik.
Veteran: Olgar Kobbevik har vore over Stadhavet meir enn 3.000 gonger.


- Ei mektig oppleving


Åge Starheim kan ikkje få fullrost dei som har laga film om skipstunnelen.
- Dette var ei mektig oppleving og det var gripande. Dette er eit
fantastisk prosjekt som går rett i hjarterota på alle som ser filmen, var
den umiddelbare kommentaren til Åge Starheim. Starheim er dagleg leiar i
Stad skipstunnel.
Starheim meiner at dei tre filmskaparane har gjort ein kjempejobb:
- Det står verkeleg respekt av at dei i all hovudsak har laga denne filmen
på eiga fritid og med eigne midlar. For oss som skal ha tunnelen bygd er
denne filmen gull verdt, seier Starheim.
- Korleis?
- Vi skal bruke denne filmen for alt den er verdt. Vi skal få oss ein kopi
og vise alle som sit på Stortinget. Det aller beste med filmen er at ingen
som ser den etterpå kan stille seg likgyldige til skipstunnelen og den
store betydninga den har, seier Åge Starheim.

Vil ha ein kopi


Seljeordførar Gunn R. V. Helgesen vil ha filmen for å fortelje kva ein
skipstunnel handlar om.
-Dette var ein film som gjer at ein sit igjen med veldig mange inntrykk,
sa Gunn R. V. Helgesen (KrF) like etter at klappsalvene hadde lagt seg
fredag.
Helgesen seier at ho vil prøve å få tak i ein kopi til Selje kommune. Ein
kopi som ho vil gjere bruk av når kommunen treng å fortelje kva Stad
skipstunnel eigentleg handlar om:
- Etter å ha sett denne filmen er det ingen som vil vere tvil om at
tunnelen må byggast for tryggleik og for næringsliv. Eg håper dei lukkast
med å selje filmen til TV. Det var ein film med gripande effekter som vil
gjere inntrykk på alle som får sjå den, seier Gunn R. V. Helgesen.

 


     
     
 

       

Oppdatert: 11/01 2006