| |
|
LO med på laget |
|
| LO går no
både regionalt og nasjonalt heilhjarta inn for å få realisert Stad
skipstunnel. -Dette er ein kamp vi vil kjempe for å vinne, seier
distriktssekretær Arvid Langeland. |
|
|
Skrevet av:
Odd
L. Drabløs (mandag, 08.oktober 2007 07:46) |
|
 |
|
(Foto: Odd L. Drabløs) |
Det går
rimeleg fort i svingane for tida når det gjeld Stad
skipstunnel. I forkant av at Kystverket skal levere nytt
forprosjekt der tunnelen er tilpassa hurtigrutene innan
15. oktober i år, er det hektisk aktivitet retta mot
Storting og styresmakter.
Sist torsdag var klubbleiar Arvid Thue ved Olivin sitt
anlegg på Åheim, fylkessekretær Arvid Langeland LO i Sogn
og Fjordane og fylkessekretær Else May Botten LO i Møre og
Romsdal i Selje for å få mest mogeleg informasjon om
skipstunnelen.
- Stad skipstunnel er viktig for LO. Kampen for å få
tunnelen bygd er ein kamp vi i høgaste grad vil vere med å
kjempe og som vi vil vere med på å vinne. No er vi i Selje
for å få informasjon og å sette oss grundig inn i
prosjektet. Så skal vi både regionalt og nasjonalt sette
press på sentrale styresmakter for å få dei til å løyve
pengar til tunnelen, sa Arvid Langeland.
Les heile saka i papirutgåva måndag 8. oktober.
|
|
| |
|
|
|