| |
|
LO vil behandle skipstunnelen |
|
| Under LO sin
samferdslepolitiske konferanse kom det fram at Stad skipstunnel er
eitt av to store prosjekt som LO vil arbeide vidare med. |
|
|
Skrevet av:
Håvar Fagerli (fredag, 23.mars 2007 06:48) |
|
Helge Haukeland er nestleiar i Norsk Arbeidsmandsforbund og leiar
i samferdselpolitisk utval i LO. Under konferansen på tysdag heldt
han innlegg om verdien av å få ein skipstunnel gjennom Stadlandet.
-LO sentralt har sagt Stad skipstunnel er ei sak dei vil sjå
nærare på. Og det er eit langt steg på vegen. Saka vert behandla i
LO sentralt til hausten, seier Helge Haukeland.
Helge Haukeland seier at Stad skipstunnel er viktig for samferdsla
sett frå ein nasjonal ståstad.
-Regjeringa seier at dei vil ha transporten av gods over til sjø
og bane. Og der er Stad skipstunnel sentral, seier han.
Haukeland seier at ein skipstunnel gjennom Stadlandet vil merkast
på Austlandet.
-Gjennom dalane og Oslo går i dag mykje tungtransport som like
gjerne kunne gått sjøvegen, om ein hadde hatt Stadtunnelen, seier
Haukeland.
Les meir i papirutgåva fredag 23. mars |
|
|