Artiklar

Kontakt oss

Filmen

Om oss

Forside

Bilder

 

 
 
 

ARTIKEL FRÅ FJORDENES TIDENDE   16-10-06

 

 
Vekstsjefane er optimistiske

 
Vekstsjefane John Breivik og Ståle Olsen kom heim frå Transportbrukarkonferansen med optimisme og endå fleire argument for Stad skipstunnel.

 
Skrevet av: Håvar Fagerli (mandag, 16.oktober 2006 10:05)

 

 

Ei av dei største utfordringane til transportnæringa i Norge er i dag rekruttering av sjåførar.

–Slik som det er no manglar i dag 3.000 yrkessjåførar i Norge. Utfordringane for transport langs landevegen gjer at ein no må tenkje på alternative transportmetodar. Stad er proppa i riksveg 1 langs kysten. Difor må Stad skipstunnel byggjast for å opne kysten for transport av både gods og passasjerar, seier John Breivik, dagleg leiar i Vanylven vekst.

–Vi er godt fornøgde med konferansen. Vi fekk møte fleire stortingspolitikarar og ikkje minst ei som vert brukarar av skipstunnelen. For oss er det viktig å nå ut til flest mogleg med informasjon om skipstunnelen, og det gjorde vi her, seier Ståle Olsen, dagleg leiar i Selje vekst.

Stad skipstunnel hadde eigen stand på konferansen Transport og Logistikk. John Breivik og hadde med seg Ståle Olsen i Selje vekst, Selje-ordførar Gunn Helgesen (KrF), Vanylven-ordførar Jan Helgøy, fylkesordførar Nils R. Sandal og Håkon Olsen frå Nordfjord Havn.

Les meir i papirutgåva onsdag.

 
 
 

     
     
 

       

Oppdatert: 16/10 2006