Senterungdomen krev handling:
Vil ha skipstunnel gjennom Stad
Senterungdomen ser det
som naudsynt at vi får ei avklaring i denne saka. Ein
skipstunnel gjennom Stad vil være avgjerande for å sikre
riksveg nr 1. Vi kan ikkje leike katt og mus med vêrgudane. Vi
har mista mange nok liv på Stad. - No må den raud grøne
regjeringa halde sine lovnadar om å satse på sjøfart, seier
Marius Strømmen fra Senterungdomen.
Tunnelen gjennom Stad er eit unikt
prosjekt som vil gjere at vi får ein samanhengane riksveg 1
uavhengig av været. Samferdselsminister Liv Signe Navarsethe har
gått sterkt på bana for ein skipstunnel i valkampen 2005, der ho
lova å kjempe hardt for å få til dette unike prosjektet. No
ventar heile kyst-Noreg at ho får med seg regjeringa, og innfrir
sine lovnadar om ein skipstunnel.
!["[bilde]"](bilder_artikler/p200605141241-72004.jpg) |
Marius Strømmen fra Senterungdomen krev
handling nå for Stad skipstunne!
|
- Dette er noko vi må ha, og det no” seier Marius Strømmen i
frå sentralstyret til Senterungdomen.
Ein dråpe i havet
Mange snakkar om dette prosjektet som eit luftslott. Eg
ser på dette prosjektet som ein dråpe i havet. Utrekningar som
er gjort den seinare tida har vist at kostnaden for å byggje
denne tunnelen ikkje er urimelege. Den siste utrekninga viste at
den vil koste omkring 1 milliard, og det er ikkje mykje når ein
tenker på risikoen vi utset sjøfolk for, når dei må segle rundt
Stad.
Viss ein ser på dette prosjektet med samfunnsøkonomiske auge
vil ein raskt stadfeste store tapte kostnadar for reiarlag og
vareeigarar som ikkje får fram lasta innan tidsfristen. Når ein
bygger denne tunnelen vil ikkje vêrtilhøva vere avgjerande for å
komme rundt dette berykta havstykket.
Vi ser i dag store investeringar som staten gjere på sentrale
austlandet. Skipstunnelen vil berre vere ein dråpe i havet
kostnadsmessig. Eg kan nemne:
- Romeriksporten med alle dei hola som der var å tette.
- Rikshospitalet med alle sine overskridingar,
- Opera, eller stor stova til Oslo.
Dette er prosjekt som har vist at å bruke milliardar på
Austlandet ikkje er noko problem. Operaen var prisa til 3,5
milliardar, og kjenne eg dei rett vil eg nok tru at den raskt
kan koste 4 mrd. Skipstunnelen vil med andre ord kunne vore bygd
4 gangar viss ein hadde fått så mykje pengar som operaen i
Bjørvika vil få. Når ein ser på dette pengeforbruket til operaen
i Bjørvika, kan eg ikkje forstå at Stad skipstunnel ikkje kan få
1 mrd. Stad skipstunnel er jo ei trygging av liv og
samfunnsmessig viktig for næringslivet.
Vi har mista mange nok liv på Stad.
Det er omkome nær 100 menneske rundt dette havstykket, og i
november 2003 var vi nær å få noregshistoria si største
skipskatastrofe – då Hurtigruta MS Midnatsol med 163 menneske
ombord - berre var ei båtlengde frå å hamne på Bukketjuane –
etter motorproblem.
I 2004 var det også fleire hendingar, og vi minnast
Hurtigruta MS Finnmarken som måtte gjere vendereis til Ålesund –
etter å ha fått slått inn ein nødutgang på 6. dekk.
Igjen er det Kyst-Noreg sine verdiar som står i mot
sentralaustlandet sine prioriteringar. Eg ser det som
hårreisande at over 100 sjøfolk har mista livet på Stad berre
fordi vi skal invitere i ”fiffe” prosjekt på sentrale Austlandet.
”Stad skipstunnel er jo ikkje dyrare enn marmoren og den spanske
eika dei skal ha som golv i Operaen” seier Marius Strømmen
oppgjett.
!["[bilde]"](bilder_artikler/p200605141241-75595.jpg) |
Stadskipstunnel vil være eit
unikt prosjekt i verden. Ikkje
nok med det vi vil kunne slå
ilag skipstunnel attraksjonen
med to av Noregs mest
besøkte fjordarmar.
(foto:
Stadskipstunnel.no)
|
Ein stor turistattraksjon
Stadskipstunnel vil være eit unikt prosjekt i verden. Ikkje nok
med det vi vil kunne slå ilag skipstunnel attraksjonen med to av
Noregs mest besøkte fjordarmar.
Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, liggande på kvar si side av
Staden vil bety at ei turistrute der 3 av verdens største
attraksjonar kan opplevast i løpet av ein dag.
Ei unik oppleving som eg vil tru kan bli ein større suksess enn
det mange trur pr i dag. At meir enn 500 000 turistar vil
besøkje denne tunnelen er forsiktige anslag som turistnæringa
har gjort. Så dette er vel berre eit prov på at tunnelen ikkje
berre vil tene sjøfartsnæringa, men også turistnæringa som
finnast på nordvestlandet.
Hurtigruta må ikkje gløymast!
Vi ser i dag ein aukande trafikk langs riksveg 1 med
hurtigruta som den største attraksjonen. Vi kan ikkje byggje ein
tunnel som utelatar dette lokomotivet langs norskekysten. Ein
tunnel vil gje mogelegheit for å få ein roleg overfart, og i
tillegg gje turistane ei unik oppleving. Korleis trur du det er
for ein turist å vakne opp på Stad fyrste dagen på denne reisa
langs Noreg viss det er uvær. Der i mot ei reise igjennom Stad
ville gjort det meir behageleg, og sikrare.
Eg meinar det er galskap om vi byggjer Stadskipstunnel så
liten at ikkje hurtigrutene går igjennom. Kostnaden for å få den
så stor vil uansett ikkje bli så mykje større. No må sunnfornuft
få råde, og ikkje berre ”blåruss” tankegang. Ved å byggje
tunnelen så stor vil ein spare seg den diskusjonen som vil komme
i ettertid, om at vi skulle no ha bygd den større. Hurtigruta
sjølv har uttrykt eit stort ynskje om at dei kan segle igjennom,
og dette meinar eg vi bør gje dei mogelegheit til.
Bergen- Ålesund på 4 timar
Utenkeleg i dag, men med tunnel igjennom Stad vil dette kunne
verte ein realitet. Fjord1 og reiselivsnæringa har snakka om ei
reise med nye hurtigbåtar på 4 timar til Bergen frå Ålesund.
Viss vi skal få eit Vestland som ein region vil tunnelen vere
heilt nødvendig for å få ein samanhengande samferdsel. I dag er
det svært omstendeleg om du skal reise mellom desse to byane.
Ser ein på mogelegheitene for utvikling i kystkommunane som ligg
i mellom byane vil den være stor. Desse kommunane oppleve stor
fråflytting i dag, men med slike kommunikasjonar kan ein kanskje
få stoppa denne fråflyttinga.
Strømmen skal no flytte til Ålesund, for å gå på
styrmannskule. Reisa heim ville vore mykje enklare om eg kunne
ha sett meg på hurtigbåten i Ålesund, for så å gå på land i
Bremanger 1 time etterpå. I dag må eg bruke bilen eller ta buss
opp over, og det teke vel 3,5 timar. Så dette skapar
mogelegheiter. Stad skipstunnel er ikkje berre for fiskarar og
fraktebåtar, men for folk flest i regionen.
Stad
Skipstunnel, tryggjar skipsfarten– ikkje berre for nokre
dagar, men for all framtid
Skipstunnelen er noko som må byggjast, og det så raskt som
mogeleg. No må regjeringa med fiskeriminister Helga Pedersen og
Samferdselsminister Liv Signe Navarsethe ta tak. Skipstunnelen
er ei lita investering. Oljenasjonen Noreg må ikkje gjere seg så
fattige at dei ikkje maktar å byggje tunnelen som vil gjere det
mest berykta havstykke langskysten til ein leik å passere
uavhengig av været.
Skipstunnelen har vore snakka om i over 130år, og no er det
vel på tide å få den bygd. Senterungdomen skal arbeide aktivt
opp i mot regjeringa slik at vi kan få bygd framtidas riksveg 1.
”Vi kan ikkje vere med på at dette prosjektet renn ut i sanden”
avsluttar ein engasjert Marius Strømmen.
|