|
Skipstunnel ved Stad er ein meir enn hundre år gammal
tanke. No bør det bli ein realitet.

VÊRHARDT: I perioden 2001 til 2006 vart det registrert
om lag 20 meir eller mindre alvorlege hendingar ved Stad
kvart år. FOTO: TOR HØVIK
Publisert: 24. feb. 2008,
06:00
Oppdatert: 24. feb. 2008, 08:37
PLANANE OM EIN SKIPSTUNNEL ved Stad er i ferd med å ta form.
Bakgrunnen er naturlegvis at havstykket vestafor Stad er
det farlegaste havstykket langs norskekysten. Medan
resten av kysten kan få melding om stiv eller sterk
kuling, er det ikkje uvanleg at vêrvarslinga melder om
«storm ved Stad». Då lyt mange fartøy - store eller små
- venta til uveret er over. Ein legg ikkje ut på
Stadhavet i uver.
Det farlege havstykket gjorde at vikingane tidt drog
skipa sine over land ved Stad. Seglande folk tok alt i
1870-åra til å tenkja på ein skipstunnel som kunne gjera
overfarten trygg. Men den gongen kosta det meir enn det
smakte. På 1980-talet vart tanken lansert på nytt, og
seinare har det vore arbeidd seriøst med planar for ein
tunnel mellom Moldefjorden i sør og Kjødepollen i nord.
Han vil vera 1,7 km lang, og det dyraste alternativet -
som vil gje rom for Hurtigruta - har ein førebels
kalkyle på drygt 1,7 milliard kroner.
DET ER MYKJE PENGAR. Ekspertane, som reknar på
nytte/kost-brøkar, kjem til at nytta er negativ. Men
slike reknestykke er som kjent gjort innanfor snevre
rammer, og tek ikkje opp i seg alle gunstige
ringverknader for lokalsamfunna i området. Ikkje minst
kan turismen i Stad-området få ein markert opptur dersom
Stadtunnelen blir røyndom.
Likevel er det den store skipstrafikken på Stadhavet som
vil få størst nytte og glede av Stadtunnelen. Det
opererer rundt 5000 fiskefartøy i området årleg, og det
er rekna ut at talet på fritidsbåtar er om lag det same.
Totalt passerer det drygt 17.000 båtar forbi Stad kvart
år. Med ein tunnel etter det største alternativet vil 85
prosent av alle skip - Hurtigruta inkludert - kunna
velja ein trygg passasje gjennom holet i fjellet.
I PERIODEN 2001 TIL 2006 vart det registrert om
lag 20 meir eller mindre alvorlege hendingar ved Stad
kvart år. Ein skipstunnel vil sterkt redusera faren for
ulykker. Dystre spådommar om meir ekstremver - som
følgje av klimatiske endringar - er eit sjølvstendig
argument som styrkjer tunnelplanane.
Like viktig er auka regularitet. I dag er det svært ofte
at skip og mindre båtar må leggja seg på vent fordi
vêret er for dårleg - og overfarten for risikabel. Dette
råkar Hurtigruta, og det råkar båtar som fraktar fersk
fisk.
STADHAVET har også i alle år vore eit hinder for
planar om eit snøggbåtsamband mellom Bergen og
Trondheim. Mange trur eit slikt samband har ei rik
framtid. Men eit slikt snøggsamband til sjøs kan ikkje
realiserast utan skipstunnel.
Saka ligg no hos Fiskeridepartementet, og skipstunnelen
ligg inne i Nasjonal Transportplan for 2006-2015. Vi
synest fiskeriministeren skal fremja ei stortingsmelding
som seier ja til skipstunnel frå Moldefjorden til
Kjødepollen.
|